Margrete Valdemarsdotter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margrete

Dronning
RegjeringstidDanmark: 13751412
Noreg: 13881412
Sverige: 13891412
Fullt namnMargrete Valdemarsdotter
Fødd1353
FødestadSøborg slott
Død28. oktober 1412
DødsstadFlensburg
GravstadRoskilde domkyrkje
EtterfølgjarErik av Pommern
GemalHåkon VI Magnusson
Gift medHåkon VI Magnusson
DynastiHuset Estridsen
FarValdemar Atterdag
MorHelvig av Slesvig
BornOlav IV av Noreg
Dronning Margareta til hest, Roskilde av Anne Marie Carl-Nielsen.

Margrete Valdemarsdotter eller berre Margrete (135328. oktober 1412)[1] var norsk, dansk og svensk dronning og regjerande dronning under Kalmarunionen. Ho var yngste dotter av kong Valdemar Atterdag og Helvig av Slesvig.[2]

Margrete var dronning av Noreg frå 1363 til 1380 og regjerande dronning av Noreg frå 1388 til 1412. Ho var regjerande dronning av Danmark frå 1375 til 1412 (Margrete eller Margrethe).[3] Margrete vert sett på som dronning av Danmark, sjølv om ho ikkje offisielt titulerte seg slik. Ho «nøgde» seg med tittelen «fuldmægtig frue og husbonde og Danmarks riges formynder».[4] I Sverige var ho regjerande dronning frå 1389 til 1412 (drottning Margareta).

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Som 10-åring i 1363 vart ho gift med kong Håkon VI Magnusson av Noreg. I 1370 fekk dei sonen Olav (dansk Olof). Valdemar Atterdag døydde i 1375. Margrete fekk då vald den fem-årige sonen til konge av Danmark som Oluf III av Danmark. I 1380 døydde kong Håkon VI Magnusson av Noreg, og sonen Olav IV Håkonsson overtok trona.

Regent[endre | endre wikiteksten]

Medan sonen var mindreårig, var ho formyndar for han og regjerte på vegne av han. Då Olav døydde i 1387, vart Margrete vald til regent av riksrådet i Danmark. Valet vart tilskunda av drost Henning Podebusk. Margrete tok systera si sin dotterson til fosterson. Han heitte Bogislaw og var son av Vartislav VII av Pommern. Som fosterson fekk han det meir danskliknande namnet «Erik» (seinare Erik av Pommern). I 1388 vart Margrete vald til regent i Noreg. I Sverige var det nærast borgarkrig mellom stormennene og kongen, Albrecht III av Mecklenburg. Ved Dalaborgavtala i 1388 vart Margrete vald til regent over den delen av Sverige som stormennene kontrollerte. Dei lova å hjelpa Margrete med å få resten av Sverige. Stockholm by, som var under kontroll av tyske kjøpmenn, vart omringa. Mecklenburg kom til hjelp og starta med herjingar langs kysten i Danmark. Etter eit forlik enda det med at Margrete vart regent i Sverige. Då var heile Norden i hennar makt. Island, Færøyane og Grønland fylgde med Noreg. Finland fylgde med Sverige.

Margrete byrja etter dette å styrka si stilling. Ho overtok sjølv embeta som dansk marsk og drost og syrgde for at riksrådet si makt minska. Stormennene fekk ikkje byggja eigne borgar. Byar måtte ikkje forskansast. I 1396 fekk Margrete hylla Erik som konge av Danmark og Noreg og seinare av Sverige. Eit unionsmøte vart innkalla til i Kalmar. Den 17. juni 1397 vart Erik krona til konge av Norden, av Kalmarunionen. Den 13. juli 1397 sette 67 geistlege og riksråda deira segl på kroningsbrevet, der dei avla truskapseid til kongen. Margrete trekte seg formelt som formyndar i 1401. På mange vis var det nok ho som framleis trekte i trådane fram til ho døydde.

Margrete sin sakrofag i Roskilde domkyrkje.
Foto: Nils Jepsen

Død[endre | endre wikiteksten]

Margrete døydde i 1412, truleg av pest. Ho var då på eit skip i Flensborg Fjord. Ho vart gravlagd saman med far sin Valdemar Atterdag og sonen Olav i Sorø klosterkyrkje. Under leiing av Roskildebispen Peder Jensen Lodehat blei liket fjerna med makt og flytta til Roskilde domkyrkje året etter.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Margrete Valdemarsdatter frå Norsk biografisk leksikon
  2. Etting, Vivian: Margrete 1. i Den Store Danske på lex.dk. Henta 24. januar 2024.
  3. Margrethe 1 1353-1412 frå Danmarkshistorien / Aarhus Universitet
  4. Margrethes valg til fuldmægtig frue 10. august 1387 frå Danmarkshistorien / Aarhus Universitet
  5. Anette Kruse, s. 78–79.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Poul Grinder-Hansen (red): Margrete 1 : Nordens Frue og Husbond : Kalmarunionen 600 år, København : Nationalmuseet, 1996. (Essay og utstillingskatalog) ISBN 87-89384-51-2
  • Eldbjørg Haug: Margrete - den siste dronning i Sverreætten : Nordens fullmektige frue og rette husbonde, Oslo 2000 ISBN 82-02-17642-5
  • Anette Kruse: Roskilde domkirke, Roskilde Domkirkes Salgsfond, 2003, ISBN 87-90043-13-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Margrete Valdemarsdotter