Hans av Danmark, Noreg og Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans
John(II)DenmarkNorwaySweden.jpg
Konge av Danmark, Noreg og Sverige
Regjeringstid Norsk konge: 1483-1513

Dansk konge: 1481-1513

Svensk konge: 1497-1501
Fødd 2. februar 1455
Fødestad Aalborghus
Død 20. februar 1513
Dødsstad Aalborghus
Gravlagd Sankt Knuds kyrkje i Odense
Føregjengar Kristian I
Etterfølgjar Kristian II
Gift med Christine av Sachsen (gift 1478)
Dynasti Huset Oldenburg
Born Christian
Hans
Ernst
Frans
Elisabeth

Hans I, eller berre Kong Hans (2. februar 145520. februar 1513) var son av kong Kristian I og Dorothea av Brandenburg. Han vart fødd på på Aalborghus i 1455. Han var konge av Danmark frå 1481 til 1513, av Noreg frå 1483 til 1513 og av Sverige frå 1497 til 1501. Han vart vald til Christian I sin etterfylgjar i Danmark i 1456, og i Noreg og Sverige i 1458.

6. september 1478 gifta han seg med Christine av Sachsen, dotter av kurfyrst Friedriech Ernst av Sachsen. Dei fekk sønene Kristian, Hans, Ernst og Frans, og dottera Elisabeth. Av sønene var det berre Kristian som overlevde faren. Dottera Elizabeth vart gift med Joakhim 1. Nestor av Hohenzollern.

Kong Hans fekk innført det lybske myntsystemet i Noreg, med penningar, skilling og mark.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]