KamAZ
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kamskij avtomobilnij zavod)
| Kamskij Avtomobilnij Zavod (KamAZ) | ||
| Skipa | 1969 | |
| Type | Aksjeselskap | |
| Land | Russland | |
| Hovudkontor | Naberezjnyje Tsjelny | |
| Produkt | Tunge køyretøy | |
| Dagleg leiar | Sergei A. Kogogin | |
| Nettstad | www.kamaz.net | |
Kamskij Avtomobilnij Zavod (KamAZ) (ru. Камский автомобильный завод, КАМАЗ) er eit russisk føretak som produserer lastebilar, terringbilar, bussar og stridsvogner. Føretaket ligg i Naberezjnyje Tsjelny, ved elva Kama.
Kamaz vart stifta i 1969 for å produsera tunge lastebilar, men produksjonen kom ikkje i gång før i 1976. I 1990 vart føretaket privatisert. Føretaket har produsert rundt 1,9 millionar lastebilar og 2,6 millionar motorar. Annankvar lastebil i segmentet 14 til 40 ton i Russland og den tidlegare Sovjetunionen er produserte av Kamaz. Kamaz vert eksporterte til meir enn 80 land.
Кamaz 55111 med dumperkasse.