Lauvmeis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lauvmeis

Status i verda: LC Livskraftig

Sumpfmeise1.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Paridae
Slekt: Parus
Vitskapleg namn
Parus palustris

Lauvmeis eller hampemeis (Poecile palustris, tidlegare Parus palustris) er ein fugleart i meisefamilien. Ho er ein av dei mest vanlege fuglane å sjå på fuglebretta. Lauvmeisa liknar mykje på granmeisa, men dei har ulik song og ein kan sjå skilnader på utsjånaden òg.

Lauvmeisa er ein standfugl som likar seg i lauv og blandingskog, og i parkar og hagar. I Noreg er ho vanleg nord til Trøndelag. Ho er på storleik med ei blåmeis, det vil seie 11-12 cm, og ho veg ikkje meir enn 11 gram.

Lauvmeiser opptrer oftast parvis. Lauvmeisa et for det meste ugrasfrø, insekt, edderkoppar og tistelfrø. Ofte samlar ho frø som ho gøymer og har til vintermat. Kring april-juni legg hoa 7-9 kvite, raudflekkete egg. Meisene startar ikkje ruginga før alle egga er lagde. Hoa rugar i 12-14 dagar og ungane forlet reiret etter 16-21 dagar.

Reiret til lauvmeisa er bygt av mose, hår og ull og ligg som regel i naturlege holrom i tre eller i fugleholkar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lauvmeis