Mendesantilope

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mendesantilope
Mendesantilope
Mendesantilope
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk trugaUtbreiinga av Mendesantilope
Utbreiinga av Mendesantilope
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Slekt: Addax
Art: Mendesantilope A. nasomaculatus
Vitskapleg namn
Addax nasomaculatus

Mendesantilope eller addaxantilope (Addax nasomaculatus) er eit kvegdyr som tilhøyrer underfamilien grasetande antiloper, Hippotraginae. Dyret er det einaste i slekta Addax.[1]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arta hadde tidlegare eit stort utbreiingsområde som omfatta heile Sahara, men finst i dag berre i mindre regionar i Niger. Ein har også observert vandrande eksemplar i Mauritania, Mali og Tsjad.[2] Addaxantilopen har evne til å tilpassa seg til dei ulike landskapa i Sahara med unntak av høge fjelltrakter. Han levde opphavleg i område med sanddyner, på større sletter og dessutan i dalar med elver som tidvis tørkar ut (wadi). Under vandringar når han Sahelsona med rikare vegetasjon.[3]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Individ i Praha dyrehage.

Hannane er litt større enn hoene, med ei kroppslengd (hovud og bol) på 160 til 170 cm, ei halelengd på ca 35 cm og ei vekt på 100 til 125 kg. Eksemplar av hokjønn blir rundt 155 cm lange, har ein hale på 26 til 28 cm og veg rundt 82 kg. Arten har 9,5 til 10 cm lange bakføter og 17,5 til 20 cm store øyre. Manhøgda til dyret er 106 til 114 cm.[4]

Med sin gulbrune til gulkvite pels har dyret god kamuflasje i ørkenen. Pelsen har kort hår, og blir mørkare om vinteren.[5] Hjorten har eit påfallande kvitt mønster i andletet som er forma som ein X. Nokre hår på hovudet er svarte. På strupen finst det lengre hår som dannar eit skjegg. Begge kjønn har horn som kan bli 60 til 109 centimeter lange hos hannar og 55 til 80 centimeter lange hjå hoer.[6] Dyret har breie klauver som dei også kan spreia utover, slik at dei er godt tilpassa å bevega seg rundt i sanden i ørkenen.[5]

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Antilopa får vassbehovet sitt dekka gjennom føda. For å finna gras eller urter vandrar dei lange strekningar. Dyra et også lauv frå mindre buskar.[5] Mendesantiloper lever i flokkar på kring 20 individ som består av ein dominant hann, fleire hoer og ungane deira. Med unntak av alfahannen blir stillinga til individet i hierarkiet bestemt av alderen til dyret. Dominansen til hannane er blitt redusert i samband med minskinga til heile bestanden.[5] Unge hannar dannar vanlegvis egne flokkar.

Ville mendesantiloper føder som regel ungar sein om vinteren eller om våren. Hoer i fangenskap kan vera brunstige til alle årstider. Fostertida varer i rundt 8,5 månader, og det blir vanlegvis fødd ein unge om gongen. Ungane diar mora i rundt 3,5 månader. Hoer blir kjønnsmogne etter rundt 1,5 år og hannar etter 3. år. Nokre eksemplar er blitt 19 år gamle.[5]

For å føda ungen sin oppsøkjer hoa ein grop i ly av vegetasjon. I byrjinga veg ungen 5,0 til 8,6 kg. Han har beige pelsfarge med raudleg skugge som endrar seg etter rundt eit år. Rundt 3 til 4. dagar etter fødselen kjem hoa tilbake til flokken med ungen.[4]

Vaksne eksemplar er for store å ta for rovdyr som er att i utbreiingsområdet. Dei blei truleg jakta tidlegare av løve og leopard.[5] Ungdyr kan blioffer for gullsjakal, hyenar og afrikansk villhund.

Mendesantiloper og menneske[endre | endre wikiteksten]

Mendesantiloper er blitt jakta i lang tid av folk i området, som er på jakt etter kjøt og skinn. Denne jakta truga ikkje bestanden. Sidan er jakt for underhaldning innført, og populasjonen er blitt betydeleg redusert. I ulike statar der arten opphavleg levde har det vore borgarkrigar som ikkje tok omsyn til naturen. Eit anna, nyare trugsmål er innføring av petroleumsindustri.[4] I dag finst det berre 100 eksemplar i Niger, 200 individ i Tsjad og kring 50 dyr ved grensa mellom Mauritania og Mali. IUCN reknar arten som akutt truga (CR). I 1993 blei det innført ein mindre flokk i Tunisia for å etablera seg, og eit liknande prosjekt er innført i Marokko.[4] Dessutan finst det rundt 2000 individ i ulike dyreparkar over heile jorda.

Antilopen er ofte avbilda på gamle egyptiske teikningar, ettersom dyra ofte blei haldne i innhegningar for å ofra nokre av dei under seremoniar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wilson & Reeder (red.) Mammal Species of the World, 2005, Addax
  2. IUCN SSC Antelope Specialist Group 2016 Addax nasomaculatus . Frå: IUCN 2016. IUCN Red List of Threatened Species. Versjon 2018.1. Vitja 8. februar 2023.
  3. IUCN SSC Antelope Specialist Group 2016 Addax nasomaculatus . Frå: IUCN 2016. IUCN Red List of Threatened Species. Versjon 2018.1. Vitja 8. februar 2023.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Kingdon, Jonathan: Mammals of Africa «Addax nasomaculatus», A & C Black, 2013 (engelska), s. 566-571. ISBN 9781408122549. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Brent Huffman (22. mars 2004). «Addax». Ultimateungulate (på engelska). Henta 21 oktober 2018. 
  6. Brent Huffman (22. mars 2004). «Addax». Ultimateungulate (på engelska). Henta 21 oktober 2018.