Hork

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hork


Hork
Hork

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Perciformes
Familie: Percidae
Slekt: Gymnocephalus
Art: G. cernuus
Vitskapleg namn
Gymnocephalus cernuus
Hork
Namn på andre språk
Svensk Gärs
Engelsk Ruffe
Tysk Kaulbarsch
Fransk Grémille
Spansk Acerina
Russisk Jorsj (Ёрш)

Hork er ein litan ferskvassfisk i åborfamilien. Han er utbreidd i mellom- og nord-Europa frå Frankrike til Sibir, i tillegg til ein engelsk bestand. I Noreg finst arten naturleg på Austlandet frå Mjøsa og sørover.

[endre] Kjenneteikn

Hork liknar åbor, men er mindre og manglar fargeteikningane til den større slektningen. Han er grågrøn til brun med mørke prikkar, og dei to ryggfinnene heng saman. På hovudet har han eit sett gropar som skil ut slim, og på gjellelokka har han piggar.

Horken er vanlegvis ikkje lenger enn 14 cm, men sør i Europa kan han bli så lang som 25 cm.

[endre] Levevis

Hork heldt seg helst i botnsjiktet i innsjøar, tjern og ved elvebreidder. Han trivst best på litt djupare vatn med sand- og mudderområde. Arten er aktiv både og dagen og om natta, og finn vegen godt i mørket ved hjelp av sidelinjeorganet. Han er altetar, og lever for det meste av fjørmygglarver, amfipodar, makk, fiskeyngel, rogn og blautdyr.

Gytetida er seint på våren, og horken gyter på grunt vatn ved 12-15 °C. Egga vert fest til stein og vassplanter, og klekker etter ei eller to veker. Larvane måler då om lag 4 mm, og veks sakte. Likevel kan dei bli kjønnsmogne allereie i sitt andre leveår.

[endre] Kjelder

  • Brabrand, Åge: «Hork» i Norges dyr - Fiskene 1, Cappelen 1992
  • Riehl, Rüdiger & Baensch, Hans A.: Akvariets lexikon, Mergus verlag 1997 (svensk utgåve)
  • FishBase


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk