Nine Lessons and Carols

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tekstlesing under «Nine Lessons and Carols» i Saint Andrew's Church i Saint Helier på Jersey i 2009.

Festival of Nine Lessons and Carols eller berre Nine Lessons and Carols er ei form for julegudsteneste, opphavleg laga til innan anglikansk kristendom. I dag blir ho også bruka i katolske og protestantiske kyrkjer, og er blitt eit vanleg format for skulegudstenester ved juletider. Gudstenesta er ei feiring av fødselen til Jesus. Ein les ni korte bibeltekstar knytt til syndefallet, lovnaden om ein Messias og om fødselen til Jesus med song av julesongar, salmar og korsong imellom.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gudstenesta blei utvikla av biskopen av Truro Edward White Benson, seinare erkebiskopen av Canterbury, til bruk julaftan 1880. Ifølgje tradisjonen skal han ha halde gudstenesta klokka ti om kelden i eit treskur som midlertidig erstatta domkyrkja i Truro.[1] Ein hovudgrunn til å halda gudstenesta var å halda mannfolk borte frå pubane denne kvelden.[2]

BBC-buss utanfor King's College i Cambridge før sending av julegudstenesta.

Den best kjende gudstenesta blir kringkasta årleg frå King's College i Cambridge på julaftan. Her framfører Choir of King's College, Cambridge julesongar. Gudstenestetradisjonen i Cambridge byrja i 1918, og han blei overført i radio av BBC første gong i 1928. Sidan dette har han vore send årleg bortsett frå i 1930. I 1930-åra byrja BBC World Service senda gudstenesta over heile verda, og BBC reknar med at fleire millionar høyrer programmet kvart år. I Storbritannia blir gudstenesta direktesend julaftan på BBC Radio 4, og i opptak på BBC Radio 3 første juledag.[3] Gudstenesta har òg vore send på fjernsyn fleire gonger, men i dag blir det send eit separat Carols from Kings-program i opptak med noko andre songar og færre bibeltekstar.

Utbreiing og inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

Ved Groton School i Massachusetts i USA har ein halde Nine Lessons and Carols-gudstenester samanhengande sidan 1928.[4]

Det blir også halde gudstenester etter dette mønsteret i Noreg. I 2011 hadde ein Festival of Nine Lessons and Carols, eller Gudstjeneste med De Ni Lesninger, i Kampen kyrkje og Grønland kyrkje.[5]

Sidan 2008 har det også blitt arrangert underhaldningskveldar kalla «Nine Lessons and Carols for Godless People» i Storbritannia i førjulstida. Førestillinga er ei blanding av seriøse innlegg om vitskaplege emne, humoristisk underhaldning og musikk.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Korsong i Saint Andrew's Church i 2010.

Gudstenesteforma har endra seg lite sidan den første «Festival of Nine Lessons and Carols» blei halden. Til gudstenesta ved Kings blei rekkjefølga på tekstane noko endra i 1919 Dei ulike bibeltekstane blir lesne frå King James' Bible av ulike representantar frå King's College og City of Cambridge. Songane er inndelte i «carols», som blir framførte av koret, og «hymns», som blir framførte av både koret og kyrkjelyden. Sidan 1982 har skulen tinga ein nyskriven julesong til gudstenesta kvart år. Julesongane kan variera frå år til år, men gudstenesta byrjer alltid med salmen «Once in Royal David's City» og ender med «Hark! The Herald Angels Sing».[3] Det første verset av den første songen blir alltid framført av ein gutesolist åleine.[7]

Gudstenesta i 2008 hadde desse elementa:[8]

  • Bidding Prayer
  • Carol: «If Ye would Hear the Angels Sing» – tekst D. Greenwell; melodi P. Tranchell
  • Second Lesson: Fyrste mosebok 22:15–18
  • 'Third Lesson: Jesaja 9:2; 6–7
  • Fourth Lesson: Jesaja 11:1–3a; 4a; 6–9
  • Sixth Lesson: Evangeliet etter Lukas 2:1; 3–7
  • Seventh Lesson: from Luke 2: 8–16
  • Carol: «Illuminare Jerusalem» – tekst etter Bannatyne-manuskriptet n John and Winifred MacQueen, A Choice of Scottish Verse, 1470–1570 (1972); melodi Judith Weir
  • Carol: «Glory, Alleluia to the Christ Child» – tekst frå 1600-talet; melidu A. Bullard

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Festival of Nine Lessons and Carols, bbc.co.uk, 16 December 2005, http://www.bbc.co.uk/cornwall/content/articles/2005/12/16/faith_nine_lessons_feature.shtml 
  2. Alex Webb (24 December 2001), Choir that sings to the world, BBC News, http://news.bbc.co.uk/1/hi/entertainment/arts/1703517.stm .
  3. 3,0 3,1 Nine lessons and carols: History of the service, King's College Chapel, http://www.kings.cam.ac.uk/chapel/ninelessons/history.html, henta 2008-03-09 .
  4. Lessons & Carols, Groton School, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 9 December 2011, http://www.webcitation.org/63nT1ec72, henta 9 December 2011 .
  5. Gudstjeneste - 4. søndag i advent (18/12): A Festival of Nine Lessons and Carols. oslo.kirken.no, 12. desember 2011
  6. James Kettle, Brian Cox and Robin Ince: two wise men wishing you a merry XXmas, guardian.co.uk, Friday 9 December 2011.
  7. Peter Kingston (21 December 2007), «The world's greatest carol event», The Guardian (EducationGuardian), http://education.guardian.co.uk/schools/story/0,,2231099,00.html .
  8. (PDF)A Festival of Nine Lessons and Carols, Christmas Eve, 2008, Provost and Fellows of King's College, Cambridge, 24 December 2008, http://www.kings.cam.ac.uk/assets/1/1d/Nine_Lessons_and_Carols2008.pdf, henta 2008-12-25 . For the songs sung in earlier years, see "List of carols performed at the Festival of Nine Lessons and Carols at King's College Chapel, Cambridge".


Balkgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nine Lessons and Carols