Olav Bruvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Olav Bruvik (22. november 191330. desember 1962) var ein norsk fagforeiningsleiar og politikar for Arbeidarpartiet.

Olav Bruvik var statsråd og sjef for Sosialdepartementet (sosialminister) i Einar Gerhardsen si tredje regjering frå 18. februar 1961 til han døydde.

Olav Bruvik var fødd i Haus. Han tok Statens husindustriskole på Haus i 1929, og arbeidde som smed frå 1930 til 1935. Han var deretter stolstillarlærling ved Arna Fabrikker 1935-1937, gjekk på Lennings Texstiltekniske Institutt i Norrköping 1937-1938, og arbeidde så som stolstillar ved Arna Fabrikker 1938-1944.

Han blei med i motstandsrørsla under den andre verdskrigen, og fekk deltakarmedaljen i 1945.

I 1945 vart han nestformann i Norsk tekstilarbeidarforbund, og var så formann frå 1949 til han døydde i 1962. Han var også medlem i sekretariatet i LO 1953-1961.

Verv [endre]

Tillitsverv i fagrørsla:

Tillitsverv i parti:

  • Formann Ytre Arna Arbeiderungdomslag 1935-1937
  • Formann Haus herads Arbeiderparti frå 1945
  • Formann Framfylkingens venner frå 1958
  • Varamedlem Det norske Arbeiderparti sitt sentralstyre 1959-1961
  • Medlem styret for Oslo Arbeidarparti

Offentlege verv:

  • Medlem Bransjerådet for tekstilindustrien 1949-1962
  • Varamedlem Direksjonen for Noregs Bank 1953-1962
  • Medlem Målsettingsutvalget 1955-1956

Litteratur [endre]

  • Bruvik, Olav: Tillitsmannen i tekstil, Oslo 1957
  • Bruvik, Olav: Fagorganisasjonen viser vei. Fagorganisasjonen og det moderne samfunn, Oslo 1962

Kjelder [endre]

Olav Bruvik hos Stortinget.no, vitja 24. april 2010

.