Ruth Ryste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ruth Anlaug Ryste (fødd 24. juli 1932) i Bamble er ein norsk fagforeiningsleiar og politikar for Arbeiderpartiet, sosialminister frå 1976 til 1979.

Ruth Ryste tok eksamen frå handelsskulen i 1950, og frå 1950 til 1970 arbeidde ho i sosialsektoren i Bamble kommune. Ho var vararepresentant til Bamble kommunestyre i åra 1967 til 1971. Frå 1970 to 1973 var ho sekretær i Norsk Tjenestemannslag, og ho var også styremedlem i LO frå 1969 til 1975. Ho var politisk rådgjevar for Forbrukar- og administrasjonsministeren frå 1. januar 1973 til 1. januar 1974, og frå 1975 til 1976 var ho sekretær i Statstjenestemannskartellet.[1]

Frå 1976 til 1979 var ho statsråd og sjef for Sosialdepartementet (sosialminister) i Odvar Nordli si regjering. Ho var medlem av Arbeiderpartiet sitt sentralstyre frå 1975 til 1981. I 1979 gjekk ho av som minister for å bli leiar for Flyktninghjelpen. Frå 1982 til 1987 var ho leiar for Statens flyktningssekretariat, og frå 1988 til 1995 var ho rådgjevar i Kommunal- og regionaldepartementet. Ho var styremedlem i Nationaltheatret frå 1975 til 1982 og medlem av Kontaktutvalget mellom innvandrerbefolkningen og myndighetene frå 1984 til 1987.

Mange år etter at ho hadde gått ut av aktiv politikk blei ho medlem av bystyret i Porsgrunn for perioden 2007 til 2011.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]