Egil Aarvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egil Aarvik

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. desember 1912
Børsa
Død

19. juli 1990 (77 år)
Oslo

Yrke politikar, redaktør, faglitterær forfattar, journalist
Språk norsk
Politisk parti Kristeleg Folkeparti
Medlem av Den Norske Nobelkomite
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Egil Aarvik på Commons

Egil Aarvik (12. desember 191219. juli 1990) var ein norsk KrF-politikar og statsråd og sjef for Sosialdepartementet (sosialminister) i regjeringa Borten frå 1965 til 1971. I tida si som sosialminister la han mellom anna fram lovproposisjonen som innførte folketrygda (Ot.prp. nr. 17, 1965–66).

Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 1961 og var stortingsrepresentant i 4 valperiodar, til 1977. Han var vararepresentant i perioden 1958–1961.

Aarvik var medlem i Nobelkomiteen 1974–1990, varaformann 1976–1981 og formann frå 1982 fram til han døydde sommaren 1990.

Han var redaktør av Folkets Framtid i 1948–1965 og Dagsavisa, Trondheim i 1950–1955. Han var formann i landsstyret i Det Blå Kors i Noreg i 1960–1962.

Regjering[endre | endre wikiteksten]

Stortinget[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne politikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.