Wenche Frogn Sellæg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wenche Frogn Sellæg (fødd 12. august 1937) i Oslo er ein norsk lege og tidlegare politikar for Høgre. Ho var innvald på Stortinget frå Nord-Trøndelag frå 1985 til 1993. Ho var statsråd og sjef for tre departement:

Wenche Frogn Sellæg var første nestleiar i Høgre i perioden 1988–1990. Ho har hatt ei rekkje andre offentlege og organisatoriske verv.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sellæg blei fødd i Oslo, men har budd det meste av livet i Overhalla og Namsos i Nord-Trøndelag. Ho tok examen artium i 1957, og blei cand.med. frå Universitetet i Oslo i 1963. Ho har Diploma of Tropical Medicine & Hygiene frå University of London frå 1971. Ho har vore spesialist i indremedisin sidan 1971, har teke etterutdanning i gastroenterologi 1977–1980, og er spesialist i geriatri frå 1991. Ho blei bachelor i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen i 2005, og er Mastergradsstudent i kunsthistorie same stad frå 2007.

Sellæg var turnuskandidat i Molde i 1964, distriktslege i Værøy og Røst i 1965, assistentlege ved Ullevål sykehus 1966–1968, reservelege ved Drammen sykehus 1968–1971, samt misjonslege i Bhutan i 1972]. Ho var tilsett ved Sykehuset Namsos (tidlegare Namdal sykehus) det meste av tida etter, bortsett fåa eit opphald som assistenlege ved Rikshospitalet 1983–1984: Reservelege 1973–1975, assisterande overlege 1975–1983, overlege ved medisinsk avdeling 1993–1999, avdelingsoverlege ved medisinsk avdeling 1999–2000, samt seksjonsoverlege 2000–2002. Ho var i 60 % stilling som konsulent i geriatri 2002–2007. Ho har vore ønskt som styreleiar i Helse Nord-Trøndelag, men har ikkje ønskt dette vervet.[1]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Sellæg var formann i Namsos Høgre 1974–1975, samt organisatorisk nestformann i Nord-Trøndelag Høgre 1978–1980. Ho var kommunestyremedlem i Overhalla 1979–1983 og 1991–199]. Ho var medlem i Høgre sitt utval for kyrkje og stat 1980–1981, medlem i Høgre sin programkomité 1987–1989, og formann i Høgre sin valkomité 1992–1994. Ho var medlem i Høgre sitt arbeidsutval 1982–1990, der ho var 1. (politisk) nestleiar 1988–1990.

Sellæg var 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag i Stortingsperioden 1981-1985. Ho var fast representant på i periodane 1985-1989 og 1989-1993.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]