Olav Gjærevoll
Olav Gjærevoll (24. september 1916–30. august 1994), fødd i Tynset, død i Trondheim, var ein norsk botanikar og politikar for Arbeidarpartiet.
Han var utdanna cand.real frå Universitetet i Oslo i 1947. Ved Uppsala universitet tok han graden fil.lic i 1955, og doktorgrad i 1956. Han var tilsett som konservator ved Vitskapsmuseet i Trondheim frå 1947 til 1979. I tillegg hadde han ei professorstilling ved Noregs lærarhøgskole frå 1958 til 1986. Som botanikar arbeidde han mest med planter til fjells, og i arktiske strok. Utanom dei meir faglege publikasjonane, skreiv han også populærvitskaplege bøker, og dreiv opplysingsarbeid om botanikk. Hans Fjellflora (skrive saman med Reidar Jørgensen, illustrert av Dagny Tande Lid) har fast plass i lomma hos mange fjellvandrarar.
Gjærevoll var ordførar i Trondheim frå 1958 til 1963, og frå 1979 til 1981. Han var sosialminister frå 1963 til 1965, med kort avbrot av John Lyng si regjering. Frå 1965 til 1969 møtte Gjærevoll på Stortinget som fast representant for Sør-Trøndelag. I Trygve Bratteli si første regjering var han statsråd i Løns- og prisdepartementet frå 1971 til 1972, til han 8. mai 1972 blei utnemnd til den første miljøvernministeren i Noreg og i verda. Han hadde denne posten i fem månader, til regjeringa Bratteli gjekk av i oktober 1972 etter Folkeavstemminga i 1972 om Noreg sitt medlemskap i EF.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Olav Gjærevoll sitt private arkiv finst ved Universitetsbiblioteket i Trondheim, Gunnerusbiblioteket
| Føregjengar John Aae |
Ordførar i Trondheim 1958–1963 |
Etterfylgjar Odd Sagør |
| Norske sosialministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Sven Oftedal (1945–48) · Aaslaug Aasland (1948–53) · Rakel Seweriin (1953–55) · Gudmund Harlem (1955–61) · Olav Bruvik (1961–62) · Aase Bjerkholt (1963) · Olav Gjærevoll (1963) · Kjell Bondevik (1963) · Olav Gjærevoll (1963–65) · Egil Aarvik (1965–71) · Odd Højdahl (1971–72) · Bergfrid Fjose (1972–73) · Sonja Ludvigsen (1973–74) · Tor Halvorsen (1974–76) · Ruth Ryste (1976–79) · Arne Nilsen (1979–81) · Leif Arne Heløe (1981–86) · Tove Strand Gerhardsen (1986–89) · Wenche Frogn Sellæg (1989–90) · Tove Veierød (1990–92) · Grete Knudsen (1992–94) · Hill-Marta Solberg (1994–97) · Magnhild Meltveit Kleppa (1997–2000) · Guri Ingebrigtsen (2000–01) · Ingjerd Schou (2001–04) · Dagfinn Høybråten (2004–05) |
| Norske løns- og prisministrar | |
|---|---|
| Gunnar Bråthen (1955-59) · Gunnar Bøe (1959-62) · Karl Trasti (1962-63) · Ole Myrvoll (1963) · Karl Trasti (1963-64) · Idar Norstrand (1964-65) · Dagfinn Vårvik (1965-71) · Olav Gjærevoll (1971-72) |
| Norske miljøvernministrar | |
|---|---|
| Olav Gjærevoll (1972) · Trygve Haugeland (1972-73) · Helga Gitmark (1973) · Tor Halvorsen (1973-74) · Gro Harlem Brundtland (1974-79) · Rolf Hansen (1979-81) · Wenche Frogn Sellæg (1981-83) · Rakel Surlien (1983-86) · Sissel Rønbeck (1986-89) · Kristin Hille Valla (1989-90) · Thorbjørn Berntsen (1990-97) · Guro Fjellanger (1997-2000) · Siri Bjerke (2000-01) · Børge Brende (2001-04) · Knut Arild Hareide (2004-05) · Helen Bjørnøy (2005-07) · Erik Solheim (2007-2012) · Bård Vegar Solhjell (2012- ) |
- Fødde i 1916
- Døde i 1994
- Folk frå Tynset
- Folk frå Trondheim
- Norske løns- og prisministrar
- Norske miljøvernministrar
- Norske sosialministrar
- Ap-statsrådar
- Norske statsrådar etter 1945
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar 1965-1969
- Ordførarar i Trondheim
- Norske botanikarar
- Ap-ordførarar i Sør-Trøndelag
- Norske botanikkprofessorar