Gudmund Harlem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gudmund Harlem (24. juli 191722. mars 1988), fødd i Kristiania, var ein norsk lege, professor og politikar frå Arbeidarpartiet.

Statsråd[endre | endre wikiteksten]

Gudmund Harlem var statsråd og sjef for to departement:

Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

Gudmund Harlem vart student i 1935. Studia til lege vart avbrote av krigen, og han vart cand.med. i 1946. I 1976 vart han dr.med.

Han arbeidde som lege ved Statens attføringsinstitutt i Oslo 1946-1953, og var assistentlege ved Hygienisk institutt 1946-1948. Han var deretter overlege ved Statens attføringsinstitutt i Oslo 1953-1970. Frå 1955 var han teknisk ekspert for FN si attføring til Egypt og Italia. Han var assistentlege ved Rikshospitalet 1965-1966. Han var overlege og fagleg leiar ved Statens attføringsinstitutt 1966-1970, og direktør same stad 1970-1977. Frå 1971 var han teknisk ekspert for WHO til Malta.

Han var professor i arbeidslivsvitskap ved Universitetet i Trondheim/NTH 1977-1980. Deretter var han administrerande direktør for Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Forskningsråd 1980-1986. Dei to siste åra før han døydde arbeidde han som allmennpraktiserande lege i Oslo, 1986-1988

Verv[endre | endre wikiteksten]

Gudmund Harlem hadde svært mange framståande tillitsverv utanom verva som statsråd. Nokre av dei viktigaste:

  • Kommunalpolitiske verv:
    • Medlem Oslo bystyre 1945-1947
    • Medlem Skolestyret, Oslo 1948-1955
  • Offentlege verv:
    • Formann Komiteen for spesialbehandling av barn 1948-1955
    • Medlem styret for Norges allmennvitenskapelige forskningsråd 1949-1957
    • Formann Vanføreomsorgkomiteen 1952-1955
    • Formann Sentralrådet for yrkesvalghemmede 1955-1957, 1966-1970
    • Varaformann styret for Rikshospitalet 1970-1981
    • Formann Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Forskningsråds forurensingskomite 1970-1976
    • Medlem Statens idrettsråd 1974-1985
    • Formann styret for Norges Idrettshøgskole 1976-1988
    • Formann styret for Arbeidstilsynet 1977-1988
    • Formann Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Forskningsråds arbeidsmiljøkomite 1977-1980
    • Formann Forsikringsrådet 1978-1986
    • Leder utval for lovgjevinga om forsikringsverksemd 1978-1985
    • Medlem Rådgjevande utval for industri- og energisamarbeid 1979-1985
    • Medlem Forsvarsrådet frå 1980
    • Nestleder Styret for Kredittilsynet 1985-1988
  • Tillitsverv i organisasjonar:
    • Formann Det Norske Studentersamfund frå 1945
    • Medlem Styret i International Union of Socialist Youth 1946-1951
    • President International Society for Rehabilitation of the Disabled 1966-1972

Anna[endre | endre wikiteksten]

Gudmund Harlem var far til statsminister Gro Harlem Brundtland og justisminister Hanne Harlem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Gudmund Harlem hos Stortinget.no, vitja 23. april 2010