Otus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Otus


Halsbandugle, Otus lettiaFoto: Santosh Namby Chandran
Halsbandugle, Otus lettia
Foto: Santosh Namby Chandran

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Strigiformes
Familie: Strigidae
Slekt: Otus
Vitskapleg namn
Otus
Pennant, 1769

Otus er ei biologisk slekt i uglefamilien som samlar 47 nolevande kjente artar og er dermed den største ugleslekta i målt i artsmengd. Otus-uglene i moderne forstand er avgrensa til «den gamle verda», med unntak av ein einskild nordamerikansk art, flammeugle. Alle i denne slekta er små og smidige ugler. Dei er farga i ulike brunaktige fargetonar, nokre gonger med ei lysare undersida og eller andlet, noko som bidreg til å kamuflere dei mot borken av tre. Nokre er polymorfe, og finst i ein grå og ein raudbrun morf.

Nemninga på engelsk for denne slekta er 'Scope owls'.

Skilding[endre | endre wikiteksten]

Nokre er polymorfe, og finst i ein grå og ein raudbrun morf. Otus-uglene jaktar frå utkikkspostar i halvopne landskap. Dei føretrekker område som inneheld gamle hòle tre, der dei kan finne bytte som inkluderer insekt, reptil, små pattedyr som flaggermus og mus og andre småfuglar. Uglene vil òg ete meitemark, amfibium og virvellause dyr.[1][2]

Otus-uglene lever primært som einslege fuglar. Dei fleste artane byggjer reiret i eit holrom opphavleg laga av eit anna dyr. Under rugetida vil hannen mate hoa som rugar. Desse fuglane er monogame, begge foreldra tar omsut for avkommet.[treng kjelde]

I motsetnad til Megascops-uglene, har Otus-uglene berre éin type læte. Denne består av ein serie av korte fløytetonar eller høyfrekvente skrik, gjeve med ein frekvens på 4 støyt per sekund eller færre, eller av ein einskild, utstrekt fløytetone. Ropa varierer mykje mellom artar i type og tone, og i feltet er ofte lætet det første teiknet på desse at fuglane er tilstades, så vel som det mest pålitande middel for å skilje mellom artar. Nokre, som den nyleg skildra arten serendibugle, Otus thilohoffmanni, vart oppdaga fordi vakaliseringa var ukjent for ekspertar i fuglelæte.[treng kjelde]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Otus-ugler i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Marchesi, Luigi & Sergio, Fabrizio (2005): Distribution, density, diet and productivity of the Scops Owl Otus scops in the Italian Alps. Ibis 147(1): 176-187. doi:10.1111/j.1474-919x.2004.00388.x (HTML abstract)
  2. Uklårt om fakta i skildringane i artikkelen på engelsk Wikipedia gjeld heile slekta eller berre dverghornugle som skildra i den refererte Ibis-artikkelen til Marchesi&Sergio
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Otus