Sokotra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sokotra
Satellittbilde av hovudøya Sokotra.
Satellittbilde av hovudøya Sokotra.
Geografi
Socotra Island.PNG
Stad Det indiske havet
Tal på øyar 4
Store øyar Sokotra, Abd Al Kuri, Darsa, Samha
Administrasjon
Land Jemen
Detaljkart over øygruppa.

Sokotra (jemenittisk arabisk Jazîratu l-suqutrâ) er ei øygruppe i Det indiske havet, like aust for Afrikas horn. Det næraste fastlandet er Somalia, men øyane høyrer til Jemen på den arabiske halvøya, som ligg 350 km mot nordvest. Hovudøya Sokotra er 3 625 km², i tillegg høyrer dei tre småøyane Abd Al Kuri og Darsa, kjend som «brørne», Samha, i tillegg til ei rekke mindre klippeøyar til øygruppa.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sokotra er ein av dei mest isolerte landmassane på jorda som ikkje er av vulkansk opphav. Øyane var opphavleg del av Gondwana-kontinentet, og braut seg laus i mellom-pliocentida for om lag 6 millionar år sidan. Adenbukta nordvest for øyane blei til i den same rift-hendinga.

Hovudøya er litt over 130 km lang i aust-vestleg retning, med ein typisk breidde på 30-35 km frå nord mot sør. Innlandet har ein fjellkjede på opptil 1525 meter. Rundt ligg eit kalksteinsplatå med karsthòler lenger oppe, og ute langs kysten finn ein smale, flate landstriper. I havet veks korall, og det er langgrunt, med djupner på 40 meter funne så langt som 50 km sør for øya, og 20 km nord.[1]

Øyane har for det meste tropisk ørkenklima med lett regnfall i regntida, meir i fjella enn ved kysten. Monsunen gjev regn, men òg sterke vindar og rørt sjø.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Drageblodstre på Kanariøyane.
Foto: Jose Mesa

Dei isolerte øyane har eit særeige plante- og dyreliv, med mange artar som berre finst på desse øyane. Over ein tredjedel av dei 800 planteartane ein har funne på Sokotra veks ingen annan stad. Fleire fuglar, som sokotrastare (Onychognathus frater), sokotrasolfugl (Chalcomitra balfouri), sokotrasporv (Passer insularis) og gullvengfink (Rhynchostruthus socotranus socotranus), finst òg berre på øygruppa. Dei einaste innfødde pattedyra på Sokotra er flaggermus.

Ein viktig planteart er det sokotiske drageblodstreet (Dracaena cinnabari), i tidlegare tider kjelda til ei raud kvae kalla «drageblod».

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Det bur rundt 80 000 menneske på Sokotra. Hadiboh (Tamrida) på nordkysten er den største byen med om lag 43 000 innbyggjarar (est. 2004). Abd Al Kuri og Samha har nokre få hundre innbyggjarar, medan Darsa er aude. Dei snakkar suqutri eller andre dialektar av sørarabisk.

Folka som held til i innlandet er nomadar som driv med husdyrhald, særleg kyr og geiter, og noko jordbruk, særleg dadlar. Kystbuane livnærer seg for det meste gjennom fiske, perledykking og handel. Dei viktigaste eksportvarene er tørka fisk (særleg haiprodukt), aloe, ghi og perler. Sokotra er eit fattig område i Jemen med dårleg helsetilbod, infrastruktur og elektritetstilgang, og høg analfabetisme.[2]

Øybuane var lenge kristne, i følgje deira eigne overleveringar omvende av den misjonerande apostelen Thomas. I løpet av 1600-talet konverterte innbyggjarane til islam.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya var kjend av fleire gamle sivilisasjonar. I Antikken tok ho del i handelen i det indiske havet som kjelde for røykjelse og drageblod, ei raud kvae som blei brukt som medisin og fargestoff. Øya er mellom anna skildra, som Dioscorida, i den greske kjelde navigasjonsteksten Periplus for det eritreiske hav frå det første hundreåra etter Kristus.

Sokotra-øyane var lenge del av Mahra-sultanatet. Den portugisiske oppdagaren Tristan da Cunha gjekk i land der i 1507 og gjorde krav på øya for Portugal, men allereie i 1511 mista det portugisiske imperiet kontrollen tilbake til Mahra-sultanen. Ho blei vitja av nederlendarar på 1600-talet, og i 1834 gjorde Det britiske Aust-India-kompaniet framlegg om å kjøpa øyane. Dei fekk ikkje gjennomslag, men i 1886 gjekk sultanen med på å la sultanatet bli eit britisk protektorat. I 1967 blei så dette ein del av det sjølvstendige landet Sør-Jemen og seinare av Jemen.

Namnesoge[endre | endre wikiteksten]

Namnet Sokotra kan vera avleia av sanskrit dvipa-sukhadhara, ‘paradisøya’, eller arabisk souk, ‘marknad’ og qotra ‘drope’, som kan visa til kvaa til drageblodstreet. Den siste forklaringa er støtta av at hovudstaden på hovudøya var kjend som Suq, og qatra er nytta på arabisk om øyar fleire stader.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sokotra

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]