Pašman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pašman
Pašman og Ugljan sett frå toppen Bokolj
Pašman og Ugljan sett frå toppen Bokolj
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 43°57′N 15°21′E

Areal 63 km²

Høgaste punkt Veliki Bokolj (272 moh.)

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Zadar
Største busetnad Tkon

Demografi
Folketal 2 711 (2001)

Pašman er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia, sør for Zadar, med øyane Ugljan, , Dugi otok og Kornati rundt seg. Kommunen Pašman har 2 004 innbyggarar (2001).

Det er elleve landsbyar på Pašman: Tkon, Ugrinić, Kraj, Pašman, Mali Pašman, Barotul, Mrljane, Neviđane, Dobropoljana, Banj og Ždrelac.

Av alle øyane i Kroatia er det Pašman som har den største grøne overflata samanlikna med det totale arealet. Pašman er den 12. største øya i Kroatia når det gjeld areal. Ho er òg kjend for å ha det reinaste vatnet i Adriahavet på grunn av stor utskifting.

Ante Gotovina, ein kroatisk general, som i 2001 vart tiltalt for krigsforbrytingar under Kroatia-krigen på 1990-talet, kjem frå denne øya.