Premuda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Premuda
Hamna på Premuda
Hamna på Premuda
Geografi
Croatia - Premuda.PNG
Stad Adriatarhavet
Koordinatar 44°20′N 14°36′E
Areal 8,66 km²
Høgaste punkt Vrh (88 moh.)
Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Zadar
Demografi
Folketal 58 (2001)

Premuda er ei lita øy i Adriatarhavet i Kroatia. Ho høyrer til dei nordlege dalmatiske øyane, og ligg nordvest for byen Zadar. Premuda er om lag 10 km lang, og har eit areal på 9,2 km². Ho ligg sørvest for øyane Silba og nordvest for Škarda.

Landsbyen Premuda har 50 innbyggjarar, men dette talet aukar mykje på sommaren. I landsbyen dyrkar ein oliven og avlar sauer, og dei siste åra har turismen på øya auka. Det ligg tre restaurantar på øya.

Premuda er ein populær stad for dykkarar, og har nokre svært populære dykkestader. «Katedrala» er eit system av grotter med vakkert lys som skin gjennom det porøse taket i grottene. Ein annan populær dykkestad er vraket av det austerriksk-ungarske slagskipet Szent István, som ligg på eit djup omkring 40-60 meter og derfor berre tilgjengeleg for erfarne dykkarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]