Provinsen Castellón

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Castellón

Castellón (spansk) eller Castelló (valenciansk/katalansk) er ein provins nord i Spania, sentralt i den autonome regionen Valencia. Han grensar til provinsane Valencia, Teruel og Tarragona og til Middelhavet.

Provinshovudstaden er Castellón de la Plana (ka: Castelló de la Plana). Provinsen har om lag ein halv million innbyggjarar, der ein tredjedel bur i provinshovudstaden, to tredjedelar i storbyområdet til byen og kring 85 % langs kysten.

Andre store byar i provinsen er Villarreal, Burriana, la Vall d'Uixó og Vinaròs. Det er 135 kommunar i provinsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 40°10′N 0°10′W