Orientråke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Orientråke

Status i verda: LC Livskraftig

Orientråke i forgrunnenIllustrasjon av John Gerrard Keulemans, public domain
Orientråke i forgrunnen
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, public domain

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Coraciiformes
Familie: Coraciidae
Slekt: Eurystomus
Art: E. orientalis
Vitskapleg namn
Eurystomus orientalis

Orientråke (Eurystomus orientalis) er ein råke i India, Sri Lanka, Søraust-Asia og Australasia. Det engelske artsnamnet 'dollarbird' kjem av eit skinande sølvfarga område på over og undersida av vengene, midt på dei ytre handsvingfjørene, som vagt kan minne om sølvdollar.[1] Det er skildra elleve underartar[2] som skil seg, nokre gonger betydeleg, når det gjeld farger i fjørdrakt, storleik og form på nebbet og generell storleik.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaksen fugl i SE Queensland, Australia
Foto: Tom Tarrant
Utbreiing:██ Heilårsfuglar██ Berre hekkefuglar

Orientråken er ein robust, tettbygd fugl med stort hovud, kort hale, korte bein og lengd på ca 25-28 cm. Den største underarten, E. o. solomonensis, som lever på Salomonøyene og Bougainville, blir opp til 34 cm lang.

Den grunnleggjande farga på orientråken er mørk, iriserande grøn, som kan veksle mellom ulike grøntonar mot lilla og bruntonar, avhengig av innfallslyset. Oversida er lysare og meir fargerik enn den meir reint grågrøne undersida. Handsvingfjørene som er synlege når han sit er klåre, mørkeblå i farga. Han har ein lilla til blå strupeflekk. «Sølvdollarane», som synleg i flukt på dei breie vengene, varierer mykje i storleik, farge og klårleik mellom underartar. Kjønna avvik lite frå kvarandre, hoer har litt mindre klårt farga fjørdrakt, men unge fuglar er bleikare i farga. Ungfuglar har mørkt nebb som blir meir oransje over tid.

Utanom hekkesesongen er ikkje fuglane er særleg vokale. Det vanlegaste ropet er skildra som ein kraftig, enkelt kakk, nokre gonger ein serie akselererande kakk-kak-kak. Når eit par sit saman side om side kan dei gje læte som minnar om kastanjettar.

Orienråken er nesten utelukkande ein insektetar som fangar insekt i flukt. Berre unntaksvis plukkar dei føde frå bakken, til dømes grashopper.

Denne arten er vanleg frå sørvestlege India, over den austlege Himalaya-regionen og Søraust-Asia, Sri Lanka, nordover til Korea, Mandsjuria, Ussuri og lengst sør i Japan. Vidare på Andamanøyane, Filippinane og dei fleste av dei store og dei små Sundaøyane til Sulawesi. I det austlege Stillehavet lever dei på mange av øyane i Melanesia, medrekna Bismarckarkipelet og Salomonøyene, nesten heile Ny-Guinea, samt og nordlege, austlege og søraustlege Australia. I Australia, Ny-Guinea, Kina og Japan er orientråken den einaste fuglen i råkefamilien.

I dette store utbreiingsområdet, som strekkjer seg frå 50° nordleg breidde og sør til 40° sørleg breidde, lever i orientråken i ulike habitat. I den sørlege utbreiinga si er han i gjenreist sekundærskog og i dei marginal utkant av regnskog, eller i lysningar i regnskogen med enkeltståande høge tre, i kaffi- og gummiplantasjar, og dessutan galleriskogar langs elvar i regnskog. I nord lever han i lauseleg skogsområde i utkanten av jordbruksland, nokre gonger i steppeland med tre. Spesielt i Australia, har han spreidd seg til miljø med menneskelege busetjingar og hekkar i fruktplantasjar og store parkar.

Orientråkar er særleg vanlege i låglandet og kuperte område opp til ca. 600 moh. Ved foten av Himalaya, er dei funne i høgder på 1000 moh., i Aust-Asia og Ny-Guinea er dei høgste kjende hekkeplassane i høgder på 1500 meter.

Trekkvaner[endre | endre wikiteksten]

Orientråkar er dels borealmigrantar, dels standfuglar og dels australmigrantar. Den tropiske bestanden er i stor grad standfuglar. Fuglane i dei nordlege områda av distribusjon, slik som dei mandsjuiske og japanske fuglane, er borealmigrantar og forlèt hekkeområdet tidleg til midten av september og trekkjer sørover til overvintringsområda i Søraust-Asia, spesielt i Malaysia. Dei returnerer i byrjinga av april. Den australske populasjonen, underarten E. o. pacificus, trekkjer ofte nord over Torressundet til Ny-Guinea og Dei små Sundaøyane, jamvel om nokre orientråkar i dei tropiske nordområda av Australia er standfuglar. Repatriering av australske fuglar startar i slutten av februar, og dei har returnert til hekkekoloniane i sør medio september. Gjennomgåande er det slik at vaksne fuglar forlèt hekkeområdet før ungfuglane, grupper av ungfuglar er mindre og trekkjer på dagtid i relativt høge høgder. Orientråken er tilfeldig gjest i New Zealand.

Hekkebiologi[endre | endre wikiteksten]

Orientråkar er monogame gjennom hekkesesongen, og mange par held saman i fleire år. I hekkesesongen er dei strengt territoriale.

Spelet til hannfuglen er iaugefallande og femnar om flygingar med stup og rullingar, med låg kvekkande læte. Som alle andre råkefuglar, Coraciiformes, er orientråken ein holerugar. Dei kan gjenbruke hòler grave ut av hakkespettar eller skjeggfuglar. Desse er ofte plasserte høgt oppe i daude eller levande tre. Hoa legg 3-4 egg i reiret som ikkje er fora. Begge foreldre tar del i ruging og omsut for ungane, rugetida varierer i området 17-21 dagar, og ungane kan vere flygedyktige etter omtrent ein månad. Ungane blir ei tid i territoriet til foreldra før dei spreier seg.

Hekkesesongen varierer med lokalitet, i dei nordlege områda av distribusjonen skjer hekking mellom slutten av mars og mai, i det sørlege India mellom september og mai, i det meste av Ny-Guinea hekkar orientråkar frå oktober til februar, på Sumatra hovudsakleg i mars. Hekkesesongen i Australia kan vere mellom oktober og januar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ria Tan, 2001
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/updateindex/23aug2011overview/, henta 13. november 2011 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Orientråke