Ródos by

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ródos by
Hamna i Ródos
Hamna i Ródos
Plassering
Ródos by is located in Hellas
Styresmakter
Land
Periferi
Periferieining
Hellas Hellas
Dei sørlege egeiske øyane
Ródos
Grunnlagd 408 fvt.
Geografi
Flatevidd
 - By

19,5 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik
 - Storbyområde

54 802
  2 810/km²
80 000
Koordinatar 36°26′0″N 28°13′0″EKoordinatar: 36°26′0″N 28°13′0″E
Høgd over havet 0-25 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 851 00
Telefon-retningsnummer 22410
Bilnummer PON, POP
Heimeside: www.rhodes.gr


Ródos by (gresk: Ρόδος) er hovudstaden på øya Ródos i Dodekanesane i Hellas. Han er òg hovudstad i prefekturet Dodekanesane, og storbyområdet har om lag 80 000 innbyggjarar. Ródos har vore kjend sidan antikken for Kolossen på Ródos, eit av dei sju underverka. Festninga på Ródos, bygd av maltesarordenen, er ein av dei best bevarte mellomalderbyane i Europa og kom i 1988UNESCO si verdsarvliste. Ródos by er ein populær turistdestinasjon.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Gata til riddarane i mellomalderbydelen.

Byen Ródos ligg på den nordaustlegaste enden av øya og dannar ein trekant frå nord til sør. Han er den kommunen på øya med minst areal, men den mest folkerike. Han grensar til Egearhavet i nord, aust og vest med kommunane Ialysós og Kallithéa i sør.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya Ródos ligg langs transportvegane mellom Europa, Midtausten og Afrika. Dette har gjeve byen og øya mange forskjellige identitetar, kulturar, arkitektur og språk gjennom den lange historia. Plasseringa ved ein av dei store sjørutene har gjeve Ródos ei særs rik historie. Øya har vore busett sidan år 4000 fvt.[1]

Ródos by vart grunnlagd i 408 fvt. av byane Ialyssós, Kámiros og Líndos.[1] Dei neste tre hundreåra opplevde byen sine gullår. Sjøhandel, skipsbygging og fordomsfrie politikarar gjorde byen svært velståande fram til romartida. Mellom 304 og 294 fvt. vart Kolossen på Ródos, eit av dei sju underverka i antikken, bygd av skulptøren Hares.[1] Arbeidet tok 12 år, og statuen stod ferdig i 282 fvt.. Statuen representerte solguden Helios, som stod ved inngangen til hamna. Den antikke byen hadde eit godt utbygd kloakksystem, i tillegg til vassforsyning teikna av Hippodamus. Eit kraftig jordskjelv råka Ródos rundt år 226 fvt., øydela byen og velta Kolossen.[1] Dei neste åtte hundreåra låg han i ruinar før han vart seld til jødisk kjøpmann, visstnok for 900 kamelar, for å få han bort.

Den romerske perioden[endre | endre wikiteksten]

I 164 fvt. vart Ródos ein provins i Romarriket.[2] I denne perioden utvikla byen seg til eit utdanningssenter innan kunst og vitskap. Ein kan framleis sjå mange spor etter romarane i byen. Ifølgje Apostelgjerningane (Apg 21:1) vitja Paulus Ródos nær slutten av den tredje misjonærreisa hans.

Riddarperioden[endre | endre wikiteksten]

Gate i gamlebyen.

Riddarane i Maltesarordenen erobra Ródos og oppretta hovudkvarteret sitt her. Dei hadde forlate Italia etter forfølginga av Tempelriddarane i 1307. Pave Clement V stadfesta ordenen sin eigarskap over øya i 1309. Riddarane vart verande på øya dei neste to hundreåra, og plaga den muslimske skipsfarten i området.

Etter Konstantinopel sitt fall i 1453 byrja Det osmanske riket ei rask utviding og i 1480 invaderte Sultan Mehmet Ródos. Det tyrkiske åtaket vart slått tilbake, og tyrkarane drog bort frå øya. Tapet stogga ein samtidig invasjon av Italia av dei osmanske styrkane, og hindra kanskje ein mogeleg muslimsk kontroll over Vest-Europa.

Etter det osmanske tapet i 1480 styrkte stormeisteren Fabrizio Del Carreto festningane i byane. Då han døydde i 1521, hadde Ródos eit av dei sterkaste festningsverka i verda. Riddarane gjekk stadig til åtak på muslimske kjøpmenn, noko som førte til at sultan Suleiman den store starta ei ny omleiring av Ródos i 1522.

Dei mindretalige riddarane forsvarte seg godt og utførte store tap på osmanarane. I desember 1522 vart det gjort ein avtale mellom riddarane og Suleiman om at riddarane skulle få forlate byen med all rikdomen dei kunne bere. Til gjengjeld skulle ikkje innbyggjarane straffast på noko vis og dei måtte få halde på kristendomen sin. 1. januar 1523 reiste riddarane frå øya og etterlet ho til osmansk kontroll.

Den italienske perioden[endre | endre wikiteksten]

Gate i gamlebyen

I 1912 tok italienske troppar over øya i lag med resten av Dodekanesane og etablerte ein italiensk koloni kalla Isole Italiane del Egeo i 1923.[3]

Italienarane øydela seinare husa som vart bygd på og rundt bymurane under den osmanske perioden. Dei gjorde óg jødiske og osmanske gravstader om til grøne soner rundt mellomalderbyen.[3] Italienarane tok vare på det som var att etter riddartida, og øydela alle osmanske bygningar. Dei rekonstruerte óg palasset til stormeisteren av riddarane.[3]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]