Ródos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ródos
Lokalt namn Ρόδος
Hjortestatuar i hamna i Mandraki, der Kolossen på Ródos ein gong stod
Hjortestatuar i hamna i Mandraki, der Kolossen på Ródos ein gong stod
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°10′N 28°00′EKoordinatar: 36°10′N 28°00′E
Øygruppe Dodekanesane

Areal 1 407,9 km²

Høgaste punkt Attávyros (1 215 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Ródos
Største busetnad Ródos by (49 541 innb.)

Demografi
Folketal 115 490 (2011[1])
Folketettleik 82,5 /km²

Ródos (gresk Ρόδος; italiensk Rodi; ladino: Rodi eller Rodes; osmansk ردوس, Rodos) eller Rhodos er ei øy i Hellas og den største av Dodekanesane i Egearhavet både når det gjeld areal og folketal.

Ródos var hovudstad i den tidlegare prefekturet Dodekanesane. Frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Ródos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2] Ródos by er hovudstad i periferieininga og har også visse hovudstadfunksjonar i periferien, der Ermoúpoli formelt er hovudstad.

Ho ligg om lag 18 km vest for kysten av Tyrkia mellom det greske fastlandet og øya Kypros. I 2011 hadde øya like over 115 000 innbyggjarar, der om lag 80 000 budde i storbyområdet til Ródos by, hovudbyen på øya.[1]

Historisk er Ródos verdskjend for Kolossen på Ródos, eit av dei sju underverka. Gamlebyen i Ródos by frå mellomalderen har vorte ein verdsarvstad. I dag er Ródos ein stor turistdestinasjon.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Øya var tidlegare delt inn i ti kommunar, som kvar for seg inneheld mange landsbyar. Kommunane var

Frå 2011 er heile øya ein kommune, og dei ti tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ródos er forma som ein spydspiss og er 79,7 km lang og 38 km brei med eit totalt areal på 1 398 km² og ei kystlinje på om lag 220 km. Ródos by ligg heilt nord på øya, inkludert den antikke og den moderne hamna. Hovudflyplassen, Diágoras internasjonale flyplass, ligg 14 km sørvest for byen i Paradísi.

Når det gjeld dyre- og planteliv har Ródos meir til felles med Litleasia enn resten av Hellas. Det indre av øya er fjellkledd, har lite dyreliv og er kledd med furu (Pinus brutia) og sypress (Cupressus sempervirens). Av dyreliv finn ein mellom anna ein hjorteart som berre finst på øya. I Petaloúdesdalen finn ein store mengder med bjørnesommarfugl om sommaren. Fjellet Attávyros på 1 215 moh er det høgaste på Ródos. Sjølv om kysten er kledd med klipper finn ein striper med dyrkbar mark innimellom der det veks sitrusfrukter, vindruer, grønsaker, oliven og andre avlingar.

Utanom Ródos by finn ein mange små landsbyar og feriestader på øya, som Faliráki, Líndos, Kremastí, Kharáki, Péfki, Arkhángelos, Afándou, Koskinoú, Émbona (Attávyros), Paradísi og Ialysós (Triánda). Turisme er hovudnæringa på øya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Treutskjering frå 1493 av Hartmann Schedel som viser Ródos by

Øya har vore busett sidan steinalderen, sjølv om lite er att frå denne kulturen. På 1500-talet fvt. busette folk frå den minoiske sivilisasjonen seg her. Seinare kunne ein i gresk mytologi finn eit rodisk folk kalla telkhinarar og ein assosierte Ródos med Danaos. Øya vart av den grunn stundom kalla Telkhinis. Same hundreåret invaderte akhaiarar øya. Det var derimot først på 1000-talet fvt., då ho kom inn under dorianarane, at øya byrja å bløme. Det var dorianarane som seinare bygde dei tre viktige byane Líndos, Ialysós og Kámiros, som i lag med Kos, Knidos og Halikarnassos (på fastlandet) utgjorde den såkalla doriske hexapolisen.

I Pindar sin ode vart det sagt at øya vart danna ved ekteskapet mellom solguden Helios og nymfa Rhode, og at byane vart kalla opp etter deira tre søner. Rhoda er ein rosa hibiskus som kjem frå øya.

Akropolis på Lindos

Persarane erobra etter kvart øya, men etter at dei tapte for styrkar frå Athen i 478 fvt. vart byane med i Det athenske sjøforbundet. Då peloponnesarkrigen braut ut i 431 fvt. vart Ródos verande nøytral, sjølv om ho framleis var medlem av sjøforbundet. Krigen varte til 404 fvt., men på denne tida hadde Ródos vald å gå sine eigne vegar og hadde heilt trekt seg ut av konflikten.

I 408 fvt. slo byane seg saman til ein region og bygde ein ny hovudstad på nordsida av øya, Ródos by. Den regelmessige byplanen vart danna av den athenske arkitekten Hippodamos. Peloponnesarkrigen hadde derimot svekka den greske kulturen, slik at han låg open for invasjon. I 357 fvt. vart øya erobra av kong Mausolos av Karia, og fall så under persarane i 340 fvt.. Aleksander den store av Makedonia erobra derimot øya tilbake i 332 fvt., til stor glede for øybuarane.

Etter Aleksander sin død tevla generalane hans om kontroll over riket. Tre av dei, Ptolemaios, Selevkos og Antigonos, klarte å dele riket mellom seg. Ródos danna sterke kommersielle og kulturelle band med Ptolemaios i Alexandria, og i lag danna dei den rodisk-egyptiske alliansen, som kontrollerte handel i Egearhavet på 200-talet fvt. Byen utvikla seg til eit maritimt, kommersielt og kulturelt senter og myntane frå Ródos var i omlaup nesten alle stader rundt Middelhavet. Dei kjende skulane for filosofi, vitskap, litteratur og retorikk delte sine meistrar med Alexandria, som den athenske retorikaren Aeskhines, som oppretta ein skule på Ródos, Apollonios av Ródos, astronomane Hipparkhos og Geminos, og retorikaren Dionysios Trax. Skulptørane frå Ródos utvikla ein rik og dramatisk stil som stundom vert kalla «hellenistisk barokk».

I 305 fvt. fekk Antigonos son sin, Demetrios, til å omleire Ródos i eit forsøk på å bryte alliansen med Egypt. Demetrios konstruerte store omleiringsmaskinar, inkludert ein 60 meter lang rambukk og eit omleiringstårn kalla Helepolis, som vog 160 tonn. Trass i alt dette gav han seg året etter og signerte ein fredsavtale, og la igjen store mengder militært utstyr. Innbyggjarane på Ródos selde utstyret og for pengane dei fekk reiste dei ein statue av solguden deira, Helios, som i dag er kjend som Kolossen på Ródos.

I 164 fvt. signerte Ródos ein avtale med Roma og vart eit stort utdanningssenter for romerske adelsfamiliar. Dei vart særleg kjend for lærarane sine innan retorikk, som Hermagoras og forfattaren av Rhetorica ad Herennium. Først var staten ein viktig alliert av Roma og fekk mange privilegium, men mista seinare desse på grunn av intriger i romersk politikk. Cassius invaderte til slutt øya og plyndra byen.

I 1. hundreåret evt. var keisar Tiberius ei kort tid i eksil på Ródos, og Paulus førte kristendomen til øya. Ródos nådde toppen på 200-talet og vart då rekna som ein av dei mest siviliserte og vakraste byane i Hellas. I 395 byrja den lange perioden med Austromarriket for Rhódos, då Romarriket vart delt og den austlege halvdelen gradvis vart eit gresk rike. Sjølv om ho var ein del av Austromarriket dei neste tusen åra gjekk forskjellige styrkar stadig til åtak på Ródos. Ho vart først okkupert av muslimske styrkar under Muawiyah I i 672. Mykje seinare vart Ródos gjenvunne for den austromerske keisaren Alexios I Komnenos under det første krosstoget.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Palasset til stormeisteren i Ródos by

I 1309 enda den austromerske perioden då øya vart underlagt styrkar av Johanittarordenen. Under deira styre, kalla «Riddarane av Rhodos», vart byen ombygd som ein europeisk mellomalderby. Mange av dei kjende monumenta i byen, som palasset til stormeisteren, vart bygd på denne tida.

Dei kraftige murane som riddarane bygde stod imot åtak frå sultanen av Egypt i 1444, og frå Mehmed II i 1480. Til slutt fall derimot Ródos under åtak frå den store hæren til Suleiman den store i desember 1522. Dei få gjenverande riddarane fekk lov å trekke seg tilbake til Kongedømet Sicilia, og flytta seinare basen sin til Malta. Øya vart deretter ein del av Det osmanske riket i nesten fire hundreår.

Moderne historie og religion[endre | endre wikiteksten]

I 1912 tok italienarane Ródos frå tyrkarane, og i 1948, i lag med dei andre øyane i Dodekanesane, vart ho igjen ein del av Hellas. Ho omgjekk mange av hendingane der Hellas og Tyrkia «byta minoritetar», og har derfor i dag ein liten tyrkisk minoritet, i motsetnad til dei fleste andre egeiske øyane. Det finst òg ein katolsk minoritet på øya. Mange av desse er italienarar som vart verande igjen etter den italienske okkupasjon tok slutt.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringa på Ródos er turismeorientert, men andre sektorar medverkar òg til økonomien. Hovudsakleg gjeld dette råvarer, inkludert jordbruksvarer, feoppal, fiske og vinlaging.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Ródos by Ródos by 49 541
Ialysós Ialysós 11 331
Afándou Afándou 6 072
Arkhángelos Arkhángelos 5 384
Kremastí Petaloúdes 5 363
Pastída Petaloúdes 3 641
Koskinoú Kallithéa 3 175
Kalythiés Kallithéa 2 836
Paradísi Petaloúdes 2 632
Faliráki Kallithéa 1 996
Maritsá Petaloúdes 1 808
Lárdos Líndos 1 380
Soroní Kámiros 1 278
Émbonas Attávyros 1 061
Masári Arkhángelos 1 004
Malóna Arkhángelos 982
Sgouroú Ródos by 914
Fánes Kámiros 858
Psínthos Kallithéa 853
Apóllona Kámiros 845
Líndos Líndos 819
Jennádi Sør-Ródos 671
Damatriá Petaloúdes 633
Pylóna Líndos 627
Theológos Petaloúdes 620
Arkhípoli Afándou 582
Sálakos Kámiros 571
Kalavárda Kámiros 502
Kálathos Líndos 502

Andre busetnader på øya er:

  • Apolakkiá (496)
  • Asklípio (483)
  • Kritiniá (454)
  • Láerma (361)
  • Ájos Isídoros (355)
  • Tsaíri (342)
  • Váti (323)
  • Profília (304)
  • Ístrios (291)
  • Kattaviá (278)
  • Pévkes (268)
  • Kolýmbia (257)
  • Dimyliá (237)
  • Eleoúsa (228)
  • Arnítha (215)




Småøyar i kommunen:

  • Makrý (0)
  • Khina (0)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Rhodes frå Wikivoyage