Taremåse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Taremåse

Status i verda: LC Livskraftig

Taremåse på New ZealandFoto: Dick Daniels
Taremåse på New Zealand
Foto: Dick Daniels

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Laridae
Slekt: Larus
Art: L. dominicanus
Vitskapleg namn
Larus dominicanus
Lichtenstein, 1823

Taremåse (Larus dominicanus) er ein kystbunden sjøfugl i måsefamilien. Han lever langs kysten av Sør-Amerika, omtrent nord til Ekvator, langs kystar av Antarktis og på subantarktiske øyar, Australia og New Zealand, sørvestre Madagaskar, kystar av sørlege og sørvestre Afrika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Taremåse i Sør-Afrika
Foto: Dick Daniels

Taremåsar liknar overfladisk to måseartar frå Nord-Atlanteren, sildemåse og svartbak. Taremåsen ligg mellom dei to artane i storleik. Denne arten blir rundt 60 centimeter i total kroppslengd, med variasjonar mellom 54 og 66 cm, 128-142 cm i vengespenn. Vaksne veg i gjennomsnitt 1000 gram og 900 g for hannar høvesvis hoer. Dei vaksne taremåsane har svart overside og venger. Hovudet, undersida, halen er kvite. Oversida av vengene har ei kvit rand i bakkant. Nebbet er gult med ein raud flekk, og beina er grøngule, lysare og sterkare gult i hekketida. Ropet er eit skingrande 'kijov' og eit 'ka-ka-ka-ka'. Første års ungfuglar har bleike bein, svart nebb, eit mørkt tverrband ytst på halen, og samla sett kvitspragla, gråbrun fjørdrakt. Dei utviklar ein bleik nebbase, stort sett kvitt hovud og kvit underside andre året. Det tar tre til fire år før han er fullt utvikla. Den afrikanske underarten har eit meir kanta hovud og kortare nebb. Dei vaksne fuglane har mørke auge, til forskjell frå nominatforma av taremåsane som vanlegvis har bleike auge.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Som dei fleste artane i slekta Larus er taremåsar altetande, og dei kan ete avfall og dessutan søkje etter byttedyr som marine virvellause dyr, fisk, fugleegg og anna som måtte vere tilgjengeleg. Det samlar seg ved avfallsfyllingar, og ein kraftig auke i populasjonen kan difor sjåast som ein indikator på eit degradert miljø.[1] Siden 1974 har det vore observert at taremåsar eter av levande sørkapar.[2] Taremåsane brukar det kraftig nebbet til hakke seg fleire centimeter ned i huda etter spekk, ofte forlèt dei kvalene med store opne sår, nokre opp til ein halv meter i diameter. Ein har framhaldande dokumentasjon på denne predatoråtferda frå argentinske farvatn, og åtferda held fram.[3] På steina område langs den sørlege kysten av Afrika, til dømes ved Boulders Beach i Cape Town, kan ein sjå taremåsar plukke opp skaldyr og gjentekne gonger flyge opp fleire meter og sleppe dei på steinar nedanfor for å knuse skala.[4]

Hekking og populasjon[endre | endre wikiteksten]

Taremåsen er ein kolonihekkar, på New Zealand kan koloniane kome opp i mange tusen par, men dei kan også hekke som einslege par, for eksempel på små holmar. Det finst eit variert utval av typar hekkelokalitet, dei kan hekke ved sandstrender, på grus, berg eller elveleier og i fjellsider opp til 1500 moh. Det koppforma reiret er typisk 20 centimeter i diameter, bygd av og fôra med tilgjegelege materialar av gras og anna plantar, tang og fjører. Vanlegvis byggjer hannen reiret, hoa legg 1-5 egg, vanlegvis 2-3 egg. Begge foreldra rugar på egge på skift, og klekking skjer etter ca. 27 dagar. Etter det blir ungane varma i 2-3 dagar til dei forlèt reiret. Ein av foreldra vaktar ungane til dei er flygedyktige, ca. 50 dagar gamle. Vanlegvis startar unge fuglar hekking når dei er 4 år eller eldre, og dei har ei forventa levealder på om lag 14 år.[5]

Artsbestanden er estimert til mellom 3,3 og 4,3 millionar individ, og er trudd å vere aukande.[6]

Underartar[endre | endre wikiteksten]

Larus dominicanus[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Cf. José Felipe M. Pereira, Aves e Pássaros Comuns do Rio de Janeiro, Rio de Janeiro: Technical Books, ISBN 978-85-61368-00-5, pg.55
  2. Increased harassment of Right Whales (Eubalaena australis) by Kelp Gulls (Larus dominicanus) at Península Valdés, Argentina. Rowntree, V.J., P. MacGuiness, K. Marshall, R. Payne, J. Seger, and M. Sironi, 1998. Marine Mammal Science. 14(1): 99 - 115. doi:10.1111/j.1748-7692.1998.tb00693.x
  3. Gulls' vicious attacks on whales. BBC News, June 24, 2009.
  4. Siegfried WR (1977) Mussel dropping behaviour of Kelp Gulls. S Afr J Sci 73:337 - 341
  5. Heather og Robertson 2005
  6. BirdLife International 2013
  7. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012 
  8. Denis Lepage Avibase - Bird Checklists of the World Henta 9. januar 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Taremåse