Sake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klar sake hella i ein sakekopp.

Sake er ein japansk alkoholdrikk laga av polert ris. Sake er som regel ei klar væske, men det finst variantar som er kvitfarga. Han blir gjerne rekna som ein japansk nasjonaldrikk.

Sake blir brygga av dampa ris som er tilsett muggsoppen Aspergillus oryzae. Soppen spaltar stivelsen i risen til gjærbart sukker. Ein særskild type gjær står for gjæringa, og drikken kan få opptil 19 volumprosent alkohol. Ein drikk typisk sake arma opp til rundt 35 grader i små porselenskoppar kalla sakazuki.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sake

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sake: japansk drikk (22. juni 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. januar 2014.
Spire Denne drikkeartikkelen som har med Japan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.