Fruktvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjærande jordbærvin.

Fruktvin er den gjæra safta av ulike frukter, til skilnad frå vin, som typisk viser til gjæra saft av vindruer. Eit synonym med litt snevrare innhald er bærvin.

Fruktvin blir ofte omtalt med namnet på råvara ein nytta til å laga han, til dømes som eplevin, pærevin eller plommevin. Nemninga vin, uten å oppgje noka frukt, er berre lov å nytta på den gjæra safta av vindruer sal innanfor Den europeiske unionen.

Fruktvin blir laga ved å skjera opp og pressa fruktene, og deretter la safta gjæra. For å gjera han mindre syrleg kan ein tilsetja litt kalk, gips eller oske til, og for å auka styrka kan ein tilsetja vanleg vin eller brennevin. Det er òg vanleg å tilsetja sukker i samband med gjæringa for å auka alkoholinnhaldet i vinen. Kvaliteten blir sett på som å hovudsakleg byggja på kvaliteteten av fruktsorten ein nytta. Fullt gjæra og lagra fruktvin er ei vinliknande, litt tregtflytande væske med syrleg smak. Haldbarheita er sjeldan meir enn to år. I land som Frankrike, Tyskland, Sveits og England blir det laga store mengder eplevin, eller sider. Eit anna døme på fruktvin er plommevin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fruktvin