Pulque

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pulque med tre ulike smakar.
Aztekarar som drikk pulque og røyker. Frå Codex Mendoza, laga få år etter at spanjolane erobra Aztekarriket.

Pulque er ein tradisjonell alkoholdrikk frå aztekartida, som enno blir drukken i nokre delar av Mexico. Drikken er laga av sevja til maguey-planten. Han er også blitt vidareutvikla til den kjende drikken tequila.

Tlachiquero, sevjetappar blant agaveplantar.

Pulqueproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Pulque er laga frå sevja til maguey-planten (Agave americana). Når denne planten vert mellom sju og ti år gammal veks det ein ny blomestilk frå plantetoppen. Det nye skotet veks fort og kan bli sju meter langt i løpet av mindre enn to månader. Før han får veksa blir toppen til planten skoren vekk. Etter 4 eller 6 månader blir eit arr til på kuttet. Ein tappar sevja frå dette arret over to månader.

Sevja vert lagd inn i store eiketønner for å gjæra. Etter sju eller ti dagar er pulquen klar til å drikkast. Det knyter seg mykje overtru til å laga pulque. Kvinner må ikkje koma inn i rommet der sevja ligg, fisk må ikkje spisast der, og ein som kjem inn med ein hatt på hovudet må fylla hatten med pulque og drikka han opp i éin slurk.

Pulque blir ikkje destillert, og må derfor bli teken til marknaden svært snart, så at han ikkje blir for gjæra før han kan bli drukken.

Opphav og utvikling[endre | endre wikiteksten]

Utskore pulque-drikkekar.

Legenda om opphavet til pulque seier at ein maguey-plante ein gong blei treft av eit lynnedslag som kløyvde planten og fekk sevja til å koka. Aztekarane tok det som ei bodskap frå gudane og byrja å bruka pulque i mange religøse riter. Det var ei som heitte Mayahuel som fann ut korleis ein kunne samla sevja frå planten, og ein som heitte Pantecatl som oppfann gjæringsprosessen. Aztekarane samla pulque på Pozonalteptl ('skumfjellet'). Når nok pulque blei samla, blei alle hovdingane og dei eldre bedne dit for å dyrka gudane. Kvar av dei drakk fire kar fylte med pulque i denne riten. Aztekarane knytte pulqueguden Tepoztecatl til å laga og drikka av pulque. I tillegg blei fleire av dei mange kaningudane for drukkenskap, som Macuil-Tochtli ('Fem-kanin') og Ometochtli ('To-kanin'), knytt til drikken. Framleis kan ein som drikk i eit pulquería hella litt av væska på golvet som eit offer til To-kanin.

Pulque-drikking var avgrensa i aztekartida. Det var berre lov for folk over 70 år, kanskje den høgaste aldersgrensa for alkoholdrikking i verdshistoria. Folk flest kunne berre drikka pulque i religiøse ritar. Straffa for ulovleg drikking var svært sterk. Ein av folket som gjorde det blei barbert og slått den første gongen han gjorde det, og fekk daudstraff den andre gongen. Ein adeleg som drakk ulovleg eller blei for full blei slått til han døydde.

Pulqueria i Tacubaya i 1880-åra.

Spanjolane hadde ikkje noka lov om pulque, og folk drakk så mykje at det blei eit stort problem. I 1672 kunngjorde staten nye, strenge reglar om pulque, som sette tak på kor mange folk kunne selja pulque i eit område og gjorde det forbode for pulqueseljarane å gje kreditt eller å ta varer i staden for pengar.

På den tida blei pulque stigmatisert og sett på som ein drikk for dei fattige og fortapte, og enno har han lågare status enn andre drikkar. Ein som vil kjøpa pulque må vanlegvis dra til ein pulqueria. Dei fleste pulqueriaene er berre for menn, men nokre få i dei store byane slepp også kvinner inn.

Pulque, mescal og tequila[endre | endre wikiteksten]

Pulque var ikkje sterkt nok for dei fleste spanjolane, så dei byrja å prøva å destillera det for å få sterkare drikkar. Dei hakka og kokte maguey-planten, og pressa han til dei fekk jus frå han. Jusen blei gjæra i nokre dagar og destillert etterpå. Drikken som dei fekk frå denne prosessen kalla dei mescal. Over tid blei mescal meir populært enn pulque, fordi han kunne bli lagra og transportert. Mescal frå nokre område er laga med spesielle oppskrifter. Den best kjende av dei er tequila, ein mescal frå Tequila-området.

Spanjolane brukte kuhorn for å drikka mescal. Ein trur at det er derfor mescal og tequila enno blir servert i høge og tronge glas.

Notida og framtida[endre | endre wikiteksten]

På 1800-talet var pulque enno svært populært og det fanst mange maguey-plantasjar i Mexico. Men med straum og kjøleskap blei det mogleg å frakta øl og andre europeiske drikkar til nesten alle delar av Mexico. No blei pulque-en skadd av den lågare statusen sin. Mange slutta å drikka han, og mange som hadde dyrka maguey-planten slutta med det. På 1970-talet hadde pulquesalget i Mexico blitt så lågt at mindre enn 10 % av alkoholen som vart seld i landet, var pulque.

Sidan den tida har utsynet for pulque blitt litt betre. Pulque er enno populært på landsbygda, og mange meksikanarar ser på han som ein viktig del av meksikansk tradisjon og kultur. Eit selskap har byrja å laga ein pasteurisert pulque som blir tappa på boksar og selt i byane. Mindre mengder pulque blir no eksportert til USA.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pulque