Sandlo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sandlo

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Charadrius hiaticula He.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Charadriidae
Slekt: Charadrius
Art: C. hiaticula
Vitskapleg namn
Charadrius hiaticula
Sandlo
Namn på andre språk
Svensk Amerikansk tundrapipare
Dansk Stor præstekrave
Engelsk Ringed Plover, Common Ringed Plover
Tysk Sandregenpfeifer
Fransk Pluvier grand-gravelot
Spansk Chorlitejo grande
Russisk Galstutsjnik (Галстучник)

Sandlo er ein fugleart i lofamilien.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Sandloen liknar mykje på den mindre dvergloen, men er som namnet seier større. Fuglen er 17-19,5 cm lang, med eit vengespenn på 35-41 cm. Vekta er 40-80 gram.

Ryggen er gråbrun og undersida kvit. Den korte nebben er mørk framme og gul inst. Beina er gulaktige og augen svarten. Den fremre delen av hovudet er svart-kvitt teikna. Fuglen har også ein brei svart halsring. Til skilnad frå dvergloen har sandloen kvitt vengeband, som viser tydeleg i flukta. Hann og ho er likt farga.

Læte[endre | endre wikiteksten]

Lokke- og varselsropet er eit tostava "tu-ipp".

Utbreiing og taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Sandloen hekkar på karrige havstrender i det nordlege Eurasia og det noraustre Canada. I fjelltrakter kan arten også hekke i innlandet, men elles er sandloen sjeldsynt ved ferskvatn.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Sandloen vert delt opp i to eller tre underarter:

Mellom somme er taksonet psammodroma som hekkar på Island, Grønland og i det nordaustre Canada rekna som eigen underart. Underartane blandar seg i grenseområda.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Truleg hekkar noko slikt som 12 000 par i Noreg. Arten er mest talrik i Nord-Noreg og i Trøndelag der fuglane hekkar både på kysten og til fjells. Lengre sør finst fuglane meir sparsamt, men dei hekkar vanleg i indre fjellstrok sørover til Hardangervidda og langs kysten spesielt på Nordvestlandet, Jæren og rundt Oslofjorden.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Charadrius hiaticula

Fuglane vert kjønnsmogne eit år gamle og hekkar frå mai til august. Reiret er ei grop på marka med små steinar rundt. Hoa legg fire sandfarga, mørkt flekkete egg som begge foreldra rugar. Rugetida er 23-25 døgn. Ungane kan flyge etter tre til fire veker. Når inntrengarar trugar lokkar foreldra dei i ei anna retning for å verne ungane.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Sandloen et mark, sniglar, krepsdyr, edderkoppar, insekt og insektlarvar.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Fuglane reiser frå landet i august-september. Nominatunderarten overvintrar langs kystane av det sørvestlege Europa frå Dei britiske øyane og sørover til Atlanterhavskysten av Nord-Afrika. Dei nordlege sandloane overvintrar gjennomgåande lengre sør, og hoppar altså forbi dei sørlege sandloane. Vårtrekket går i mars-april.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]