Slaget ved Warszawa i 1705

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Warszawa
Del av Den store nordiske krigen
POL theatrum europeanum Warszawa 1705.jpg
Planteikning over slaget publisert i Theatrum Europeanum, 1720
Dato 31. juli 1705
Stad Utkanten av Warszawa i Det polsk-litauiske samveldet
Resultat Avgjerande svensk siger
Partar
Sweden-Flag-1562.svg Sverige Flag of Saxony.svg Kurfyrstedømet Sachsen
Herb Rzeczypospolitej Obojga Narodow.svg Det polsk-litauiske samveldet
Kommandantar
Carl Nieroth Otto Arnold von Paykull
Styrkar
2 000 mann 9 500 mann
(6 000 frå samveldet og 3 500 saksarar)
Tap
150 døde, 150 skadde 500 døde, 1000 skadde

Slaget ved Warszawa (stundom kalla Slaget ved Rakowitz[1]) fann stad 31. juli 1705 nær Warszawa. Svenske styrkar under Carl Nieroth slo ein polsk-litauisk-saksisk styrke under Otto Arnold von Paykull.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Delar av den store nordiske krigen bestod av ein borgarkrig i Polen, mellom Warszawa-forbundet som støtta kongsemnet Stanisław Leszczyński og Sandomierz-forbundet som støtta kong August II den sterke. Sverige støtta Leszczyński mot August, og sende ein kontingent av troppar til støtte for Leszczyński, under Carl Nieroth. I juli 1705 valte den saksiske kommandanten Otto Arnold von Paykull og hans allierte frå Warszawa-forbundet å gå til åtak på den langt større svenske styrken som var lojal mot Leszczyński.[2]

Motståande styrkar[endre | endre wikiteksten]

Dei svenske styrkane bestod av tre kavaleriregiment og ein liten styrk på 60 infanteristar.[2] Den samla storleiken på den svenske armeen under Carl Nieroth var på rundt 2 000 mann.[2] Den polsk-litauisk-saksiske armeen bestod av 3 500 saksiske kyrasérar og 6 000 polske kavaleristar.[2] Øvstkommanderande var den saksiske generalen Otto Arnold von Paykull;[2] den polsk-litauiske styrken vart leia av Stanisław Chomętowski, Stanisław Rzewuski, Adam Mikołaj Sieniawski, Michał Serwacy Wiśniowiecki og Stanisław Ernest Denhoff.

Slaget byrjar[endre | endre wikiteksten]

Svenskane hadde sendt ut to rekogniseringsstyrkar, og ei avdeling på 20 mann frå ein av dei leia av Bonde snubla inn i ei eining på 500 mann i dei fremste rekkene til den polske armeen ved daggry den 30. juli. Eininga prøvde å krysse Wisła. Bonde gav ordre om eit uventa åtak, men mislukkast sidan fienden hadde langt fleire mann. Seinare prøvde resten av kavaleristar i eininga å gå til åtak utan suksess. Nokre kavaleristar klarte å kome seg attende for å slå alarm til resten av den svenske armeen.[2]

Hovudslaget[endre | endre wikiteksten]

Den 31. juli møttest dei to armeane kvarandre utanfor Warszawa. Nieroth valte å gå mot den langt større polske styrken. Åtaket vart delt opp i to flankar fordi den svenske armeen var delvis omringa. Dei 60 svenske infanteristane gøymde seg på ei eng med høg rug, slik at dei kunne overraske polakkane i eit åtak. Denne gongen hadde svenskane meir hell i åtaket. Eit regiment utsletta 3000 litauiske kavaleristar og følgde etter dei 20 km. Andre regiment fekk problem etter å ha starta slaget godt. Paykull gav ordre om eit åtak gjennom midten av den svenske linja for å angripe flankane og bakenden av den svenske styrken. Seks saksiske skvadronar rykte brått framover mot eit svensk regiment, og førte til uorden i eininga. Ein annan styrke på 3 000 saksarar stod imot eit åtak frå eit regiment og følgde opp med eit motåtak. Eit svensk regiment klarte å stå imot polske mottåtak og gjekk så hard til angrep at saksarane måtte trekkje seg attende. Infanteristane fyrte av ein salve mot saksarane då dei gjenoppretta linja si, og raskt etter dette vart dei få gjenverande polske styrkane slått. [2]

Slutten av slaget[endre | endre wikiteksten]

Kring 150 svenskar mista livet og 150 vart skadd i slaget, medan rundt 500 saksarar og polakkar hadde mista livet, medan kring 1 000 var skadd.[2] Under slaget vart soldatar frå den polsk-litauisk-saksiske styrken fanga, mellom anna general von Paykull.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. etter landsbyen Rakowiec som seinare vart ein del av bydelen Ochota i Warszawa
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Northern Wars – The Battle of Warsaw 1705, Oskar Sjöström (pdf)