Slaget ved Holowczyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Holowczyn
Del av den store nordiske krigen
Holowczynkrigsplan.jpeg
Svensk plan over slaget ved Holowczyn.
Dato 14. juli 1708
Stad Hołowczyn i Det polsk-litauiske samveldet
(dagens Halowchyn, 170 km nordaust for Minsk i Kviterussland)
Resultat Svensk siger
Partar
Flagget til Sverige Sverige Flagget til Russland Det russiske tsardømet
Kommandantar
Karl XII av Sverige Boris Sjeremetev
Aleksandr Danilovitsj Mensjikov
Styrkar
I følgje svenskane
12 500[1][2]
I følgje russarane
30 000[3][4]
I følgje russarane
26 000[3]–28 000[4]
I følgje svenskane
om lag 39 000 [2]
Tap
265 drepne, 1028 skadde I følgje russarane
977 drepne, 675 skadde[5][6][7]
I følgje svenskane
3 000–5 000 drepne og skadde[8][9][10][11][12]

Slaget ved Holowczyn eller Golovtsjin vart utkjempa mellom ein russisk arme, leia av feltmarskalk Boris Sjeremetev, og ein svensk arme leia av Karl XII av Sverige, som berre var 26 år på denne tida. Trass i vanskelege naturleg hindringar og eit overlegent fiendtleg artilleri, klarte svenskane overraskande å slå den langt større russiske styrken. Visstnok var dette favorittsigeren til Karl.[13]

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha teke seg av Sachsen-Polen var Karl klart for å ta seg av den gjenverande fienden i den store nordiske krigen: Russland. Den beste ruta inn i det sentrale russiske området var langs vasskiljet frå Grodno til Minsk og Smolensk. Frå der kunne ein nå Moskva utan å krysse store elvar. Karl valte i staden ei meir rettlinja og vanskelegare rute, over Berezina og Drut. Armeen vart flytta frå vinterleiren nær Radoszkowice i juni 1708, men flyttinga var prega av dårlege vegar og vêr.

Det uventa valet gjorde russarane usikre på kva intensjonane deira var. I tillegg var Peter I av Russland borte og feltmarskalk Boris Sjeremetev måtte konkurrere med rivalen Aleksander Mensjikov. Etter eit krigsråd, vart det valt å trekkje den russiske forsvarslinja ved Dnepr. I juni og juli vart armeen flytta stykkevis mot Vabitsj, ei myrlendt sideelv til Drut.

Hovudstyrken til den russiske armeen var stilt opp rundt landsbyen Vasilki, aust og på andre sida av Vabitsj for Holowczyn. Bruene over Vabitsj var forsterka med festningsverk og forsvart med artilleri. I sør hadde general Anikita Repnin stilt opp styrken sin og befesta stillinga si tre kilometer mot søraust. Mellom dei to befesta leirane låg myrlendt terreng som ikkje kunne forsterkast.

Svenskane hadde observert den russiske stillinga langs Vabitsj. Frå den 30. juni starta det svenske regimentet og bivuakkere på høgdene vest for Holowczyn. Karl og mannskapet hans merka seg ei opning i festningsverket og valte å planlegge eit åtak mot det området. Å krysse det myrlendte området mellom dei to russiske leiarane ville ikkje berre vere eit uventa trekk, men ville òg dele den fiendtlege styrken i to. For å sikre suksess skulle åtaket utførast i nattemørket.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Ved midnatt den 4. juli starta svenskane å flytte seg stille mot elva. Infanteriet bar faskinar for kome seg over den vasstrukne jorda før dei kryssa Vabitsj på pontongbruer av ler. Kraftig regnvêr gjorde derimot pontongane for tunge til å bere, så dei vart liggande att. Kl. 0230 vart russarane alarmerte då det svenske artilleri byrja å bombardere dei frå andre sida av elva. Svenskane var avhengig av å få så mange soldatar som mogeleg over elva utan pontongane, før fienden nådde fram. Karl leia åtaket personleg, som han ofte gjorde, og vass i vatnet føre mennene sine. Etter store vanskar på den myrlendte breidda på andre sida, klarte dei å sette opp ei stilling. Samstundes vart det lagt ut faskinar på elvebreidda for å hjelpe kavaleriet over. Både ingeniørane og den svenske fortroppen byrja å verte mål for artiller til Repnin.

General Repning såg faren i den svenske kilen som var i ferd med å danne seg mellom dei to russiske stillingane, og gav mennene sine ordre om å bryte leir og dra nordover mot Sjeremetev. Fem svenske bataljonar kjempa hardt for å hindre dei to russiske regimenta frå å samlast. Då Sjeremetev høyrde lyden av slaget, sendte han forsterkingar mot stillinga til Repning, men no hadde svenskane store nok styrkar til å hindre forsterkningane i å nå fram. Sistnemnde vart tvungen til å gjere retrett austover og sørover. Det svenske kavaleriet hadde no følgd infanteriet over elva, og spreidde den russiske motparten mot sør.

Styrkane til Sjeremetev venta framleis på å krysse elva frå Holowczyn. Dei hadde vore klar til kamp i timar i tru om at åtaket på Repnin var eit skinnåtak og at den svenske hovudåtaket skulle kome frå Holowczyn. Til slutt tok Sjeremetev initiativet til eit åtak mot den nesten forsvarslause svenske leiren i vest. Meldinga om tilbakeslaget til Repnin nådde derimot Sjeremetev, og han valte å ikkje vente på eit svensk åtak bakfrå, men trekte seg heller attende mot Sheremetev took the initiative to attack the almost undefended Swedish camp to the west. However, when news of the Repnin's setback reached Sheremetev, he decided not to wait for a Swedish attack on his rear, but instead began retreating towards Sjklov ved Dnepr.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Sigeren gav svenskane ei forsvarslinje langs Dnepr og området kring Mogilev kunne nyttast som base for operasjonane deira i felttoget mot Russland. Sidan så mange russiske soldatar klarte å rømme var sigeren derimot berre strategisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Liljegren, B "Karl XII: En Biografi", 2000, s. 156
  2. 2,0 2,1 Nationalencyklopedin
  3. 3,0 3,1 Советская военная энциклопедия в 8-ми томах
  4. 4,0 4,1 Николай Шефов. Битвы России. Военно-историческая библиотека. М., 2002.
  5. Robert K. Massie: Peter der Große - Sein Leben und seine Zeit. Fischer, Frankfurt/M. 1987, s.399
  6. Konstam, Angus (1994). Poltava 1709. Russland comes of age. Oxford: Osprey Publishing. s. 42. ISBN 1855324164. 
  7. Massie, Robert (1981). Peter the Great: His Life and World. Ballantine Book. s. 445. ISBN 0345298063. 
  8. Ericson, Lars (ed) (2003) (på svensk). Svenska slagfält. Wahlström & Widstrand. s. 280. ISBN 91-46-21087-3. 
  9. Kuvaja, Christer (2008) (på svensk). Karolinska krigare 1660–1721. Helsingfors: Schildts Förlags AB. s. 181. ISBN 978-951-50-1823-6. 
  10. Ullgren, Peter (2008) (på svensk). Det stora nordiska kriget 1700–1721. Stockholm: Prisma. s. 169. ISBN 978-91-518-5107-5. 
  11. Englund, Peter (1988) (på svensk). Poltava. Stockholm: Atlantis. s. 38. ISBN 91-7486-834-9. 
  12. Cooper, Leonard (1968). Many Roads to Moscow: Three Historic Invasions. London: Hamish Hamilton. s. 42. ISBN 0-241-01574-X. 
  13. Ericson, Lars (ed) (2003) (på svensk). Svenska slagfält. Wahlström & Widstrand. s. 286. ISBN 91-46-21087-3.