Omleiringa av Tönning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Tönning
Del av Den store nordiske krigen
Tönning1651.jpg
Tönning festningsverk
Dato 1.: Mars-august 1700
2.: 1713-februar 1714
Stad Tönning (Tønning), Holstein-Gottorp (dagens Tyskland)
Resultat 1700: omleiringa avslutta, freden i Travendal
1713-1714: Dansk-russisk-saksisk siger
Partar
Flag of Denmark.svg Danmark (1700; 1713–1714)
Flag of Saxony.svg Kurfyrstedømet Sachsen (1713–1714)
Flag of Russia.svg Russland (1713–1714)
Naval Ensign of Sweden.svg Sverige
Wappen Herzogtum Holstein 1703.gif Holstein-Gottorp
Kommandantar
Flagget til Russland Aleksandr Danilovitsj Mensjikov (1713–1714) Wappen Herzogtum Holstein 1703.gif Fredrik IV av Holstein-Gottorp (1700)
Flagget til Sverige Nils Gyllenstierna (1700)
Flagget til Sverige Magnus Stenbock (1713–1714)
Styrkar
36 000 (1713–1714) 9 000 svenskar (1713–1714)
1600 holsteinarar (1713–1714)

Under den store nordiske krigen vart festninga i Tönning (Tønning) i området Holstein-Gottorp, ein alliert av Det svenske imperiet, kringsett to gonger: Danmark-Noreg vart tvungen til å avslutte den første omleiringa i 1700, men ein samla styrke av koalisjonen mot Sverige klarte å kringsette og ta Tönning i 1713–1714.

1700[endre | endre wikiteksten]

Den første omleiringa var ei av dei første militære handlingane i den store nordiske krigen. Danmark-Noreg, Sachsen-Polen-Litauen og Russland hadde vorte samde om å invadere Det svenske imperiet på tre frontar, og danske styrkar rykte derfor inn i Holstein-Gottorp,[1] som var allierte med slektskapsband til kongefamilien i Sverige.[2] Dei starta kringsettinga av Tönning i mars 1700.[1] Omleiringa vart avslutta då Karl XII of Sverige, med støtte frå Dei maritime maktene, i eit overraskande trekk sette ein arme utanfor København, og tvinga Fredrik IV av Danmark-Noreg ut av krigen med freden i Travendal den 18. august 1700.[3] Danmark kom først inn i krigen i igjen i 1709 som følgje av det svenske nederlaget i Poltava.[4]

1713–1714[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1713 vart styrkar frå Det svenske imperiet og Holstein-Gottorp kringsett av ein samla russisk og saksisk-polsk arme i ei lomme rundt Tönning. Den svenske styrken bestod av restane av den 16 000 mann store armeen til Magnus Stenbock som hadde brote ut av Stralsund-lomma, og ignorert ordre om å marsjere inn i Polen. Han slo ein dansk arme i slaget ved Gadebusch og følgde etter restane av dei inn i Holstein. Dei russiske og saksisk-polske allierte av Danmark sende 36 000 soldatar etter Stenbock.[5]

I februar 1713 braut den mindre hertugen Karl Fredrik av Holstein-Gottorp[6] den sjølvutnemnde nøytraliteten sin[7] og gav Stenbock vern og hjelpeutstyr ved festninga si i Tönning i vente på støtte frå Dei maritime maktene, slik dei hadde gjort i 1700. Dei maritime maktene blanda seg ikkje inn, og med framleis 9 000 mann att, gjekk Stenbock tom for forsyningar. Då matsituasjonen forverra seg og 2800 svenskar vart sjuke, overgav Stenbock seg den 16. mai 1713.[8]

Den 1600 mann sterke garnisonen frå Holstein i Tönning festning heldt ut[8] fram til 7. februar 1714.[9] Danske styrkar fekk total kontroll over Holstein-Gottorp etter ordre frå kongen den 13. mars 1713,[7] då dei siste lojale holsteinarane for Sverige vart fanga i 1715.[8] etter at Tönning overgav seg, vart festningsverka og palasset jamna jorda fram til 1735.[10]

Avgjersla til hertugen av Holstein-Gottorp om å opne Tönning for Stenbock samt å meklarverksemda under den svenske overgjevinga er tilskriven baron Georg Heinrich von Görtz, ein diplomat i hoffet til Karl Fredrik. Dei svenske fangane vart delt likt mellom dei sigrande maktene, tras i ordrane den russiske kommandanten Aleksandr Danilovitsj Mensjikov hadde fått frå tsar Peter den store om å sikre Russland den største parten, sidan russarane hadde medverka med den største kontingenten til den samla armeen. Dette førte til rykte om at Mensjikov vart muta av Görtz.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Siege of Tönning» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Bushkovitch, Paul. Peter the Great. The struggle for power, 1671-1725. New studies in European history. Cambridge University Press. ISBN 0521805856. 
    • Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Longman. ISBN 978-0-582-06429-4. 
    • Jakubowski-Tiessen, Manfred (på German). Der frühe Pietismus in Schleswig-holstein. Entstehung, Entwicklung und Struktur. Arbeiten zur Geschichte des Pietismus. 19. Vandenhoeck & Ruprecht. ISBN 3525558023. 
    • Klose, Olaf (på German). Handbuch der historischen Stätten Deutschlands: Bd. Schleswig-Holstein und Hamburg, hrsg. von O. Kolse Band 1 von Handbuch der historischen Stätten Deutschlands. Kröner. 
    • Wilson, Peter Hamish. German armies. War and German politics, 1648-1806. Warfare and history. Routledge. ISBN 1857281063. 
  1. 1,0 1,1 Frost (2000), s.228
  2. Frost (2000), s.227
  3. Frost (2000), s.229
  4. Frost (2000), s.294
  5. Wilson (1998), s.139
  6. 6,0 6,1 Bushkovitch (2001), s.310
  7. 7,0 7,1 Jakubowski-Tiessen (1983), s.157
  8. 8,0 8,1 8,2 Wilson (1998), s.140
  9. Jakubowski-Tiessen (1983), s.158
  10. Klose (1958), s.259