Slaget ved Gemauerthof
| Slaget ved Gemauerthof | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Del av den store nordiske krigen | |||||||
|
|||||||
| Partar | |||||||
| Kommandantar | |||||||
| Adam Ludwig Lewenhaupt | Boris Sjeremetev | ||||||
| Styrkar | |||||||
| om lag 7 000[1] | om lag 12 000[1] | ||||||
| Tap | |||||||
| 800 drepne, 1000 skadde | 2 000–6 000 drepne og skadde[1] | ||||||
|
|
|
|---|---|
|
Slag
1. Tönning – Narva (1700) – Düna – Erastfer – Hummelshof – Kliszów – Pułtusk – Jēkabpils – Nöteborg – Dorpat – Poznań – Narva (1704) – Punitz – Gemauerthof – Warszawa – Grodno – Fraustadt – Kalisz – Holowczyn – Malatitze – Lesnaja – Koniecpol – Poltava – Perevolotsjna – Prut-felttoget – Helsingborg – Gadebusch – 2. Tönning – Bender – Finland (Pälkäne – Storkyro – Hangöudd) – Stralsund – Dynekilen – Fredriksten – Den karolinske dødsmarsjen – Ösel – Stäket – Ledsund |
Slaget ved Gemauerthof vart eit slag i den store nordiske krigen. Svenske styrkar under Adam Ludwig Lewenhaupt kjempa mot ein russisk arme under Boris Sjeremetev. Svenskane var utmatta etter ei tvungen marsjering, slo leir og åt kvelds då meldinga kom om at russarane var like i nærleiken. Svenskane kom raskt i stilling og oppfordra av general Lewenhaupt, gjekk dei til åtak på russarane. Sjølv om høgreflanken leid store tap, heldt åtaket fram. På venstreflanken gjekk det svenske kavaleriet til åtak og braut russarane. Infanteriet i midten skaut forsiktig rett fram og angreip, og pressa fienden tilbake i uorden. Slaget enda i ein forvirrande mann-mot-mann-kamp, der svenskane til slutt stakk av med sigeren. Det russiske kavaleriet trekte seg attende, medan infanteriet vart knust. Svenskane gjekk av med sigeren, men sigeren var berre symbolsk. I august erobra russarane Kurland.[2]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 21. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Alf Åberg & Göte Göransson "Karoliner" s. 114 - 115
- Slaget ved Gemauerthof