Slaget ved Grodno i 1706

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Grodno
Del av den store nordiske krigen
Dato 15. januar 1706
Stad Hrodna, dagens Kviterussland
Resultat Svensk taktisk siger
Partar
Naval Ensign of Sweden.svg Sverige Flag of Russia.svg Russland
Kommandantar
Karl XII Georg Benedict Ogilvy
Styrkar
20 000 mann 23 000 mann
Tap
mindre enn 100 mann 8 000 mann

Blokaden av Hrodna av den 20 000 mann sterke svenske armeen fann stad mellom januar og mars 1706. I byen var der kring 23 000 russiske soldatar kommandert av generalfeltmarskalk Ogilvy samt general Repnin. Den 13. januar 1706 kom den svenske armeen frå Polen og kryssa elva Neman, før dei pressa dei russiske kavaleristane frå Mensjikov mot Minsk, og kutta alle sambanda mellom Russland og garnisonen i Hrodna. Situasjonen for dei russiske soldatane vart vanskelegare etter at den allierte polsk-litauiske kongen August II raskt forlet Hrodna mot Polen, og tok fire russiske dragon-regiment med seg. Som følgje av dette vart garnisonen i Hrdona utan kavaleri, som var naudsynt for rekognosering og matforsyningar.

Etter å ha kringsett Hrodna okkuperte svenskane Nesvizj og kringsette Ljakhavitsjy. Samstundes hadde den russiske garnisonen i Hrodna store problem med matmangel og sjukdom. Dette tok livet av om lag 8 000 soldatar. Etter blokaden av av hovudstyrken sin i Hrodna hadde berre Peter den store om lag 12 000 mann i Kviterussland. Medan han var i Minsk med armeen sin, kommuniserte han med den kringsette garnisonen via ein porutsjik kalla Jakovlev, som klarte å kome seg inn i Hrodna utkledd som ein polsk bonde. I tillegg fekk 14 000 ukrainske kosakkar under Ivan Masepa om gå til åtak mot fienden. Peter ønskte ikkje eit opent slag med Karl XII så langt borte frå Russland. Derfor gav han ordre til garnisonen i Hrodna om å halde ut til våren, då elvane vart isfrie att. Så måtte dei trekkje seg attende til andre sida av Neman mot Brest og vidare til Dnepr, noko dei klarte i mai 1706.

Karl estimerte retninga russarane ville trekkje seg attende i feil, og venta at dei skulle gå austover, der han plasserte hovudstyrken sin. Han oppdaga den overraskande raske russiske tilbaketrekkinga mot sørvest, og starta å følgje etter, og håpte å nå russarane med å ta ein snarveg gjennom myrene i Polesie. Myrene viste seg å ikkje vere mogeleg å passere, og Karl måtte gje opp forfølgjinga og søke slag mot saksarane først.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]