Den store ufreden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den store ufreden (finsk Isoviha, svensk Stora ofreden) er eit omgrep som vert nytta i finsk historie om den russiske invasjonen og okkupasjonen av det svensk-kontrollerte Finland frå 1714 og fram til freden i Nystad i 1721, som enda den store nordiske krigen. Stundom vert uttrykket nytta om heile den store nordiske krigen.

Under krigen kjempa finske soldatar i Polen og Russland, men dei vart òg sendt ut for å forsvare områda i Baltikum, der dei gradvis måtte bukke under for åtaka til Peter den store. Etter nederlaget i Poltava i 1709, var ikkje den svenske armeen lenger til nok hjelp. Russland erobra Viborg i 1710 og invaderte resten av Finland i 1713, der dei slo den finske armeen i slag i Pälkäne i 1713 og Storkyro (Isokyrö) i februar 1714.

Etter sigeren i Isokyrö vart Mikhail Golitsyn guvernør i Finland. Finnane starta geriljakrig mot russarane. Som hemn måtte dei finske bøndene betale store skattar til russarane (som var vanleg på den tida). Plyndringa var omfattande, særleg i Österbotten og i samfunna nær hovudfartsårene. Kyrkjene vart plyndra og Isokyrö brende ned til grunnen. Russarane nytta brente jords taktikk i eit fleire hundre kilometer breitt belte for å hindre svenske motåtak. Om lag 5 000 finnar mista livet og kring 10 000 vart tekne som slavar, og berre nokre få tusen av desse kom nokon gong attende.[1] Tusenvis, særleg funksjonærar, flykta òg til det (relativt) trygge Sverige. Dei fattigare bøndene gøymde seg i skogane for å unngå herjinga til okkupasjonsmakta og tvangsutskrivinga.[2]. Nådeløysa var verst mellom 1714 og 1717 då den frykta svenske greven Gustaf Otto Douglas, som hadde gått over til russarane i løpet av krigen, leia okkupasjonen.

I tillegg til røvinga til russarane vart Finland, i lag med dei baltiske landa, råka av pest. I Helsingfors mista 1185 menneske livet, nesten to tredjedelar av innbyggjarane.[2]

Sjølv den svenske vestsida av Bottenhavet vart herja av russarane. Byen Umeå vart brend ned av russarane den 18. september 1714 og etter å ha vorte bygd opp att, vart han herja igjen i 1719, 1720 og 1721.

Det tok fleire tiår før den finske folkesetnaden og økonomien kom seg på fote att etter freden i 1721, men då vart Finland igjen plaga under den mindre ufreden, som ikkje råka landet like hardt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Suomen historian pikkujättiläinen. ISBN 951-0-1425-0. s. 265.
  2. 2,0 2,1 Uppslagsverket Finland, 1985

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]