Sola flystasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sola flystasjon er ein militær installasjon i Sola kommune, samlokalisert med den sivile flyplassen Stavanger lufthamn, Sola. Flystasjonen er Forsvaret sin hovudbase for maritime helikopteroperasjonar og er vert for 134. luftving.

Historia til flystasjonen går attende til 29. mai 1937 då Stavanger Flyveplass vart opna av Kong Haakon VII. Stasjonering av militære flyavdelingar på flyplassen vart vedteke i 1939. Under andre verdskrig vart flyplassen bygd ut av tyskerane saman med Forus flyplass som ei viktig base for tyske fly som overvaka og patruljerte Nordsjøen og farvatnet nær norskekysten. I 1973 vart Sola base for redningshelikopter. Sola hadde status som hovudflystasjon fram til 1993.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]