Svalbard lufthamn, Longyear

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svalbard lufthamn, Longyear
Svalbard lufthamn, Longyear

Svalbard lufthamn, Longyear er ein sivil flyplass på Svalbard. Flyplassen ligg på Hotellneset ca. 5 km nordvest for Longyearbyen og er eigd og driven av Avinor AS.

Bygginga av rullebana starta i 1973, og det fyrste flyet landa på flyplassen 14. september 1974. Flyet var ein Fokker F-28 frå Braathens SAFE. Svalbard lufthamn opna offisielt 2. september 1975. Hausten 2005 bestemte Avinor at det skulle byggast ein ny terminal på flyplassen. Terminalen blei opna 10. desember 2007. Den har i dag status som verdas nordlegaste lufthamn med regulær rutetrafikk, og har daglege avgangar til Oslo og Tromsø med SAS, samt gruveflygingar til Ny-Ålesund og Svea. I 2008 reiste 138 934 passasjerar via Svalbard lufthamn, ein auke på 7,4 % frå året før.

Ulukker[endre | endre wikiteksten]

  • 10. oktober 1986 styrta eit Cessna-fly like etter avgang frå Svalbard lufthamn. Alle dei seks ombord omkom.


Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.