Lou Reed av Lou Reed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lou Reed
Studioalbum av Lou Reed
Språk engelsk
Utgjeve April 1972
Innspelt Desember 1971 – januar 1972
Studio Morgan i Willesden i London
Sjanger Rock
Lengd 38:38
Selskap RCA
Produsent
  • Richard Robinson
  • Lou Reed
Lou Reed-kronologi 
Loaded
(1970)
Lou Reed Transformer
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Chicago Tribune3/4 stars[2]
Christgau's Record GuideB+[3]

Lou Reed er debutalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed som soloartist, gjeve ut i april 1972 på RCA Records, to år etter at han slutta i The Velvet Underground.

Albumet vart produsert av Richard Robinson og Reed og vart spelt inn i London med studiomusikarar. To av dei, Rick Wakeman og Steve Howe, kom frå det britiske progrockbandet Yes. Wakeman sa om innspelinga at «lysa måtte vere slått av slik at ingen kunne sjå.»[4] Albumet vart spelt inn i Morgan Studios i London, i desember 1971 og januar 1972.

Med auka interesse for The Velvet Underground var det store forventningar til dette albumet, men resultatet vart skuffande både kommersielt og hos kritikarane, og nådde berre 189. plass på Billboard 200. Det består av åtte nye innspelingar av Velvet Underground-songar som ikkje var gjevne ut før, og to nye songar, «Going Down» og «Berlin». Sistnemnde vart spelt inn på ny som tittelsporet for albumet Berlin i 1973.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lou Reed.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«I Can't Stand It»2:34
2.«Going Down»2:53
3.«Walk And Talk It»3:38
4.«Lisa Says»5:29
5.«Berlin»5:13
Total lengd:19:47
Side to
Nr.TittelLengd
6.«I Love You»2:16
7.«Wild Child»4:39
8.«Love Makes You Feel»3:09
9.«Ride Into The Sun»3:13
10.«Ocean»5:04
Total lengd:18:21

Kryssreferansar[endre | endre wikiteksten]

Åtte spor frå Lou Reed var tidlegare blitt spelt av The Velvet Underground. Desse innspelingane har sidan kome ut på ulike samleplater og konsertalbum, som vist under.

Tittel Original Velvet Underground-utgjeving Merknadr
«I Can't Stand It» 1969: The Velvet Underground Live, VU Ekstra vers på Lou Reed-versjonen.
«Walk and Talk It» Peel Slowly and See, Loaded (Fully Loaded Edition) Anna tekst og nye musikalske parti på Lou Reed-versjonen. The Velvet Underground-versjonen heitte «Walk and Talk».
«Lisa Says» 1969, VU Utvida versjon med anna tekst på Lou Reed-versjonen.
«I Love You» Peel Slowly and See, Loaded (Fully Loaded Edition) ---
«Wild Child» --- Det har ikkje dukka opp Velvet Underground-innspelingar enno, men songen skal ha blitt spelt på konsertane deira i 1970.[5] Songen vart framført av Lou Reed og John CaleBataclan-konserten i Paris i 1972 med Nico, og kan høyrast på piratkopiplata til The Velvet Underground kalla Ultra Rare Tracks Vol. 2, der Lou Reed speler songen på ein akustisk gitar på ein lydbandopptakar. Mellomspelet vart seinare nytta om att på Lou Reed-songen «Hangin' 'Round» på Transformer.
«Love Makes You Feel» Loaded (Fully Loaded Edition) The Velvet Underground-versjonen heitte «Love Makes You Feel Ten Foot Tall».
«Ride into the Sun» Another View, What Goes On, Loaded (Fully Loaded Edition), Bootleg Series Volume 1: The Quine Tapes Lou Reed-versjonen liknar på versjonar på Loaded (Fully Loaded Edition) og The Quine Tapes. Tidlegare versjonar av songen finst på Another View og What Goes On.
«Ocean» 1969, VU, Loaded (Fully Loaded Edition) Versjonen på Lou Reed er nærast versjonen på Loaded (Fully Loaded Edition).

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget til Lou Reed.[6]

Produksjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic review
  2. Kot, Greg (12. januar 1992). «Lou Reed's Recordings: 25 Years of Path-breaking Music». Chicago Tribune. Henta 28. mars 2022. 
  3. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 28. mars 2022 – via robertchristgau.com. 
  4. Sweetman, Simon. «The Rick Wakeman Interview». Stuff. Henta 28. mars 2022. 
  5. Olivier Landemaine. «Live performances and rehearsals: 1970» at The Velvet Underground Web Page: Electricity Comes from Other PlaNETs website link
  6. Lou Reed (CD booklet). Lou Reed. RCA Records. 1972. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]