Berlin av Lou Reed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berlin av Lou Reed
Studioalbum av Lou Reed
Språk engelsk
Utgjeve 5. oktober 1973
Studio Morgani London; Record Plant i New York City
Sjanger
Lengd 49:26
Selskap RCA
Produsent Bob Ezrin
Lou Reed-kronologi 
Transformer
(1972)
Berlin av Lou Reed Rock 'n' Roll Animal
(1974)


Singlar frå Berlin
  1. «How Do You Think It Feels« med »Lady Day»
    Utgjeve: 1973
  2. «Caroline Says I«/»Caroline Says II»
    Utgjeve: 1973

Berlin er det tredje studioalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i oktober 1973 på RCA Records. Berlin er eit konseptalbum som fortel soga om eit par som slit med dopmisbruk og mishandling. I starten fekk albumet middels mottaking, men albumet har vokse hos kritikarane gjennom åra. I 1973 erklærte Rolling Stone albumet som «ein katastrofe», men i 2012 vart det rangert på 344. plassen på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[1][2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet er ein tragisk rockeopera om eit fordømd ektepar, Jim og Caroline, og tar opp tema som dopmisbruk, prostitusjon, depresjon, vald i heimen og sjølvmord.[3] Konseptet vart skapt då produsenten Bob Ezrin nemnde for Lou Reed at sjølv om sogene Reed fortalte i songane sine hadde flotte byrjingar, fortalde han aldri korleis dei enda. Ezrin ønskte særskild å vite kva som skjedde med paret i songen «Berlin» – ein song frå det første soloalbumet til Reed.[4]

«The Kids» fortel om styresmaktene som tek borna til Caroline frå henne og ein kan i songen høyre borna som ropar etter mora. Dette er borna til Bob Ezrin, og lenge gjekk det rykte om at han hadde fått dei til å grine ved å fortelje ungane at mora deira aldri kom til å kome heim igjen, men dette er avkrefta av Ezrin sjølv.

Konsertframføring[endre | endre wikiteksten]

Reed og produsenten Bob Ezrin planla ei sceneframføring av albumet då det kom ut, men dette vart skrinlagd på grunn av blanda kritikk og dårleg sals av albumet. I 2007 fullførte Reed desse planane med eit 30 mann stort orkester, 12 korsongarar og Anohni.[5] Regissør Julian Schnabel filma konserten som vart gjeven ut i 2008 som Lou Reed's Berlin, som fekk god kritikk.[6][7] Albumet vart digitalt nymastra og gjeven ut på ny same året.

Musikalske tema[endre | endre wikiteksten]

Instrumentalt speler Reed akustisk gitar. Som med dei to førre studioalbuma til Reed, var fleire av songane på Berlin alt skrivne og spelte inn tidlegare. Tittelsporet vart først gjeven ut på debutalbumet til Lou Reed som soloartist, Lou Reed, berre her med forenkla tekst, i ein annan toneart og omskrive for piano. «Oh, Jim» er ei nyinnspeling av eit unytta Velvet Underground-opptak kalla «Oh, Gin». «Caroline Says (II)» er ei omskriving av «Stephanie Says», som sidan kom ut på VU. Velvet Underground spelte òg inn ein demo av «Sad Song», som i originalen hadde langt mildare tekst. «Men of Good Fortune» vart òg spelt av Velvet Underground så tidleg som i 1966, eit konsertopptak finst, men kan berre høyrast på The Andy Warhol Museum i Pittsburgh i Pennsylvania.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget vart laga av Pacific Eye & Ear, som òg designa Alice Cooper sitt Muscle of Love same året.[8][9] Den første tekstlinja frå «Berlin» står skriven under ein collage av karakterar frå konseptalbumet.[10]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[11]
Chicago Tribune4/4 stars[12]
CreemC[13]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[14]
Pitchfork9.2/10[15]
Q5/5 stars[16]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[17]
Spin4/5 stars[18]
Spin Alternative Record Guide8/10[19]

Stephen Davis skreiv ei melding av albumet i desember 1973 for Rolling Stone, og meinte albumet var «ein katastrofe». Han mislikte verda av «paranoia, schizofreni, forfall, vald i pillerus og sjølvmord» som albumet introduserte lyttaren for, i tillegg til den «talte og ropte» framføringa til Reed.[1] Robert Christgau skreiv i februar 1974 for Creem at han følte soga om «to dopmisbrukarar som fell inn i ein sado-maso i eit spanande dekadent Berlin» var «elendig» og at musikken «berre var kompetent».[13]

Berlin nådde sjuandeplassen på den britiske albumlista (den beste plasseringat til Reed før Magic and Loss i 1992). BPI gav albumet sølvplate for salet i Storbritannia. I USA selde det dårleg (98. plassen) og fekk dårleg kritikk, slik at Reed kjende seg desillusjonert over albumet, men spelte likevel ofte songar frå Berlin på konsertane sine, og og nesten alle songane på albumet er å finne på ulike konsertalbum før sceneframferda av heile alblumet i 2006.

Cash Box meinte at «How Do You Think it Feels» er «den typen smittande song som folk ikkje gløymer,» sjølv om «teksten er tung.»[20]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 2003 rangerte Rolling Stone Berlin på 344. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[21] og albumet hadde same plassering på den reviderte lista deira i 2012.[2] I 2008 fekk den filma konsertframføringa av albumet god omtale. Då Reed vart spurt om han følte han hadde fått oppreising sa han «For kva? Eg har alltid liktBerlin[22] Albumet vart òg inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[23]

Det skotske folkrockbandet The Waterboys tok namnet sitt frå ei linje i songen «The Kids».[24] Namnet til den meksikanske og spanske songaren Alaska var inspirert av songen «Caroline Says II».[25]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Caroline Says II» er spelt inn av mange andre artistar, som The Soft Boys, Human Drama, Mercury Rev, Marc and the Mambas, Suede og Siouxsie Sioux i 1993,[26] og Antony and the Johnsons.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lou Reed.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Berlin»3:23
2.«Lady Day»3:40
3.«Men of Good Fortune»4:37
4.«Caroline Says I»3:57
5.«How Do You Think It Feels»3:42
6.«Oh, Jim»5:13
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Caroline Says II»4:10
8.«The Kids»7:55
9.«The Bed»5:51
10.«Sad Song»6:55

Tapt spor[endre | endre wikiteksten]

På den opphavlege 8-spors lydband og kassettutgåva av Berlin var det ein eitt minuttar lang, instrumental pianosolo spelt av Allan Macmillan, som spelte piano på tittelsporet. Denne var plassert mellom songane «Berlin» og «Lady Day». Denne har elles aldri kome ut på vinyl eller CD, eller nokre andre seinare utgåver.[27] Det har aldri kome noko offisiell forklaring for dette, sjølv om mange meinte han var plassert der for å fylle ut tida slik at ein kunne klare å få fire program inn på 8-sporsversjonen utan at songane vart brotne opp. I 2006, då Reed framførte heile albumet i St. Ann's Warehouse i New York, var denne soloen med, framført før «Caroline Says II».[28]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Australia (Kent Music Report)[29] 59
Nederland 16
UK Album Chart 7

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Davis, Stephen (20. desember 1973). «Lou Reed: Berlin». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 28. juni 2009. Henta 31. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. 31. mai 2012. Henta 24. mars 2022. 
  3. Engelhardt, Sarah. «Lou Reed's 'Berlin' in Retrospect: A Macabre Masterpiece – WQHS Radio». 
  4. Patch, Nick (29. oktober 2013). «Toronto produsent Bob Ezrin remembers Lou Reed». Metro. Arkivert frå originalen 31. august 2017. Henta 31. august 2017. 
  5. Pilkingon, Ed (6. juni 2007). «The day the wall came down». The Guardian. Henta 31. mars 2022. 
  6. Lou Reed's Berlin (2007)
  7. Lou Reed's Berlin Movie Reviews, Pictures - Rotten Tomatoes
  8. Connolly, Dave (19. september 2017). «[Review] Lou Reed: Berlin (1973)». Progrography. 
  9. «Interview: Dennis Dunaway». 15. mars 2012. Arkivert frå originalen 15. mars 2012. 
  10. «Michael Hogan: Lou Reed's Berlin, the Movie». Vanity Fair. 5. mai 2008. 
  11. Deming, Mark. «Berlin – Lou Reed». AllMusic. Henta 29. mars 2022. 
  12. Kot, Greg (12. januar 1992). «Lou Reed's Recordings: 25 Years Of Path-Breaking Music». Chicago Tribune. Henta 31. mars 2022. 
  13. 13,0 13,1 Christgau, Robert (February 1974). «The Christgau Consumer Guide». Creem. Henta 28. mars 2022. 
  14. Larkin, Colin (2011). «Reed, Lou». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  15. Schreiber, Ryan. «Lou Reed: Berlin». Pitchfork. Arkivert frå originalen 12. desember 2001. Henta 29. mars 2022. 
  16. «Lou Reed: Berlin». Q (68): 103. May 1992. 
  17. Hull, Tom (2004). «Lou Reed». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 684–85. ISBN 0-7432-0169-8. 
  18. Marchese, David (November 2009). «Discography: Lou Reed». Spin 24 (11): 67. Henta 29. mars 2022. 
  19. Strauss, Neil (1995). «Lou Reed». I Weisbard, Eric; Marks, Craig. Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. s. 325–27. ISBN 0-679-75574-8. 
  20. «CashBox Record Reviews» (PDF). Cash Box. 24. november 1973. s. 31. Henta 29. mars 2022. 
  21. «500 Greatest Albums of All Time: Berlin – Lou Reed». Rolling Stone. 18. november 2003. Arkivert frå originalen 20. desember 2010. Henta 7. oktober 2020. 
  22. Marchese, David (1. november 2010). «The SPIN Interview: Lou Reed». Spin. Arkivert frå originalen 16. april 2015. Henta 7. oktober 2020. 
  23. Dimery, Robert, red. (2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die (revised and updated utg.). Universe Publishing. ISBN 0-7893-1371-5. 
  24. «FAQ». mikescottwaterboys.com. Arkivert frå originalen 11. april 2008. Henta 31. mars 2022. 
  25. Torres, Rafael Cervera (2012). «Mama comprame una guitarra». Alaska y otras historias de la movida (på spansk). Penguin Random House Grupo Editorial España. ISBN 978-84-01-30559-7. 
  26. "Caroline Says II" av Suede og Siouxsie Sioux i 1993 for Red Hot Aids
  27. «Lou Reed - Berlin». Discogs. 
  28. «Lou Reed News». 
  29. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 249. ISBN 0-646-11917-6. 
  30. «Archived copy». Arkivert frå originalen 27. oktober 2015. Henta 13. juni 2012.