The Ox

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«The Ox» er ein instrumental song av The Who. Han vart gjeven ut på debutalbumet deira My Generation. Songen av komponert av Pete Townshend , John Entwistle , Keith Moon og den kjende studiopianisten Nicky Hopkins. Sjølv om tittelen på songen var kallenamnet til bassisten John Entwistle, vert det hevda at songen var eit av dei beste nummera Keith Moon utførte på trommer. Songen vart gjeven ut som B-side på den britiske utgåva av singelen «The Kids Are Alright», samt samlealbumet Thirty Years of Maximum R&B.