The Sims 3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
The Sims 3
Utviklar(ar) EA Play
Utgjevar(ar) Electronic Arts
Komponist(ar) Steve Jablonsky
Serie The Sims
Sjanger Livssimulering
Spelmodus Einspelar
Utgjeving NA 2. juni 2009
AUS 4. juni 2009
EU 5. juni 2009
Motor Renderware
Medium DVD, digital nedlasting
Stødde einingar tastatur, datamus
Aldersgrense PEGI: 12+
ESRB: T
OFLC: T

The Sims 3 er eit livsimuleringsspel i The Sims-serien, opphavleg skapt av Maxis. Det vart gjeve ut på DVD for Microsoft Windows og på CD for Macintosh. Spelet vart lansert i Nord-Amerika 2. juni 2009, i Australia den 4. juni og i Europa 5. juni same året.

I april/mai 2008 presenterte bladet Games for Windows: The Official Magazine ein tolv siders presentasjon av spelet. I presentasjonen kom det fram at den største forandringa frå dei tidlegare utgåvene er at simmane no kan utforske grannelaga sine fritt, utan at spelet må laste inn viss ein skal dra frå ei tomt til ei anna. På denne måten flyttes fokuset meir bort frå simmane sine heimar, sidan spelaren kan følgje simmane også utanfor heimen i mykje større grad enn før.

Spelaren vil og få meir fridom i den nye simskaparen, og kan no regulere simmane sin utsjånad og personlegdom med mykje større detaljrikdom enn tidlegare. Det vil også vere enklare for spelaren å forandre på og tilpasse objekta i spelet i The Sims 3 enn i The Sims og The Sims 2.

Spelet finst til konsoll for PlayStation 3, Xbox 360, iOS, Android og Nintendo DS som blei gjevne ut 26.oktober 2010. Seinare i 15.november 2010 blei det gitt ut til Wii.

Spelet[endre | endre wikiteksten]

Lag ein simm[endre | endre wikiteksten]

I Lag ein simm (engelsk: Create a sim) designar du opptil 8 simmar på PC eller opptil 6 simmar på konsoll. Lag ein simm i Sims 3 er mykje meir avansert enn Lag ein simm i Sims 2. Det er 22 damefrisyrar og 17 mannefrisyrar der du kan velje nøyaktig hårfarge. Det er også mykje tilbehøyr både til klær og frisyren. Hudfarge er meir komplisert enn i Sims 2 og du kan også ha raud, grøn eller blå hudfarge. Det går ann å velje kor brei og høg simmen skal vere, samt kor sterk den skal vere.

Du kan velje auge, nase og munn eller gå på "avansert" der du stiller inn ansiktsutrykkene ganske nøyaktig.

Det er traits, dvs. trekk som vil påverke korleis simmen reagerer i ulike situasjonar i spelet. Eks."vennleg", "vond", "geni", "kunstnarisk", "atletisk", "klumsete", "feiging". Det kan også gje nokre eksta moglegheiter i spelet, som "familievennleg"-trekket, som vil gjere simmen til ein betre forelder.

Når du har valt trekk til sim(ene), får dei forslag til eit livsønske (eng.:Lifetime wish). Det er eit mål simmen skal jobbe med iløpet av livet.

Du kan lage simmer som er småborn(Engelsk:toddeler), born(Engelsk:child), tenåring(Engelsk:teen), ung vaksen(Engelsk:young adult), vaksen(Engelsk:adult), gammal(Engelsk:elder). Simmane kan også vere babyar, men dei kan ikkje bli laga i Create a sim, berre når simmane får born.

Ein veljar fornamn og etternamn til simmen, samt favoritt -farge og -mat. Simmar som har same favorittar vil komme betre overeins med kvarandre. Du kan også skrive ein biografi til simmen.

Etter du har laga familien kan du stille inn forholdene simmane har til kvarandre; hus/romkamerater, søsken eller gift. Etter dette kan du flytte simmane inn i eit hus og byrje å spele.

Ferdigheiter[endre | endre wikiteksten]

Ein sim kan lære seg forskjellige ferdigheiter som kan vere til nytte for dei t.d. i jobben sin. Ferdigheitene simmane kan lære seg i The Sims 3 er fisking, matlaging, skriving, måling, idrett, hagearbeid, Gitar, Behendighet og Logikk. Det er fleire ferdigheiter i nokon av tilleggspakkane for PC. I tilleggspakken Reisefeber er ogso fotografi, nektarproduksjon og kampkunst tilgjengeleg. I Drømmejobben kan ein lære oppfinning og skulpturkunst, medan miksologi, piano, bass og trommer er tilgjengeleg i Helaften-tilleggspakken.

Karrierar[endre | endre wikiteksten]

Jobbane ein sim kan ha i spelet er forsking, idrett, kriminalitet, Lov og orden, Medisin, Militæret, Musikkbransjen, Næringslivet, Politikk. Dtylist, brannsimyrket, interiørdesign, detektivyrket, spøkelsesjeger, skodespelar, regissør og barnehageyrket er berre tilgjengeleg i tilleggspakkar.

Akkurat som i The Sims 2 kan ogso tenåringane få seg ein jobb. Desse jobbane er såkalla deltidsjobbar. Ein kan vere tilsett på ein bokhandel, vere medarbeidar på daglegvarebutikk, mausoleumsvakt og arbeid på spa.

Utgåver og tilleggspakkar[endre | endre wikiteksten]

Tilleggspakkar[endre | endre wikiteksten]

Til no er det sju tilleggspakkar til The Sims 3. Den fyrste tilleggspakken var The Sims 3: World Adventures. Den nyaste er The Sims 3: Supernatural, og det er annonsert at The Sims 3: Seasons vil kome ut i november 2012. Dei som har kome ut til no er;

Bakgrunnsstoff & Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.