Veolia Transportation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Veolia Transportation (før 1. mars 2006 Connex) er eit fransk internasjonalt trafikkselskap som driv kollektivtrafikk på over store delar av verda. Selskapet vert eigd av Veolia Environnement.

Selskapet har verksemd i ei rekkje land, m.a. Australia, Belgia, Colombia, Tsjekkia, Danmark, Finland, Frankrike, Irland, Israel, Nederland, Noreg, Sverige og USA.

Veolia Transport Norge[endre | endre wikiteksten]

Veolia Transport Norge AS er den norske avdelinga av Veolia-konsernet og har hovudkontor i Stavanger. Selskapet driv rutetrafikk i m.a. Rogaland og i Finnmark der det er heileigar av Finnmark Fylkesrederi og Ruteselskap. I 2005 overtok selskapet Gråkallbanen i Trondheim og transportselskapet Helgelandske i Sandnessjøen.

Hausten 2006 kjøpte Veolia Transport Norge AS opp buss- og ferjeselskapet Nordtrafikk i Vesterålen. I mars 2007 vann Veolia Transport Sør AS anbudsrunde for fylkeskommunale bussruter i Rogaland. Kontrakten tok til 1. januar 2008 og skulle vara i fem og eit halvt år.

Veolia Transport Sør køyrer også ruter for SL (Ruter) i Oslo og Akershus, med hovudkontor i Lommedalen i Bærum.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]