Ð

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

ð (stungen d eller edd) er ein tilleggsbokstav til det latinske alfabetet. Den store bokstaven er Ð. Det finst tre ulike bokstavar Ð:

Ulike bokstavar Đ (og kodeverdi i Unicode)
Bokstav Namn Stor Kode Liten Kode
Islandsk og færøysk edd Ð U+00D0 ð U+00F0
Samisk, kroatisk
og vietnamesisk
d med strek Đ U+0110 đ U+0111
Afrikansk d med krok Ɖ U+0189 ɖ U+0256

Bokstaven edd (engelsk: eth) (Ð/ð) blir brukt i islandsk og færøysk, d med strek (Đ/đ) i nord-, enare- og skoltesamisk, kroatisk og vietnamesisk, og d med krok (Ɖ/ɖ) i ewe. I dei europeiske språka, færøysk unntatt, står desse bokstavane for ein stemt, apiko-dental frikativ, som blir skrive med IPA [ð], t.d. slik vi finn han i th-lyden i engelsk i 'there'.

Grunnen til at det er tre ulike teikn for same glyff Ð i Unicode er altså at dei står til tre ulike små bokstavar.

I mellomalderen blei bokstaven eth erstatta med dh i Skandinavia, og deretter, på 1500-talet, til d. Det same skjedde med finsk, der frikativen ikkje gjekk over til lukkelyd, som i svensk. Seinare, på 1800-talet, vart det finske standardspråket tilpassa skriftspråket, og lyden /d/ vart innført for bokstaven <d>.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]