Ž

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bokstaven Ž

Ž og ž (Z med hake) er ein bokstav brukt i fleire språk, ofte for å representere stemt postalveolar frikativ ([ʒ]), det stemte tilsvaret til sj-lyden.

I datasystemar er teikna, Ž and žUnicode-kodepunkt U+017D og U+017E, høvesvis. På Windows-datamaskinar kan ein skrive Alt+0142 (Ž) eller Alt+0158 (ž) for å få fram teikna.

Ž er den siste bokstaven i dei fleste alfabeta som inneheld han, unnateke mellom anna estisk og turkmensk.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Symbolet vart opphavleg nytta i 1600-talets tsjekkiske alfabet etter reformane hans Jan Hus. Det vart òg brukt i det nærskylde slovakiske språket. Ljudevit Gaj tok bokstaven inn i det kroatiske alfabetet frå tsjekkisk i 1830. Deretter vart han innført i dei slovakiske, slovenske, serbiske og bosniske alfabeta. Seinare vart bokstaven òg brukt i alfabeta til dei baltiske, nokre uralske og andre språk.

Bruken[endre | endre wikiteksten]

Uralske språk[endre | endre wikiteksten]

Ž er den 19. bokstaven i det nordsamiske alfabetet og står for lyden [d͡ʒ]. Han er den 20. bokstaven i det estiske alfabetet, der han er brukt i lånord. Bokstaven er òg brukt sporadisk i finsk, men er berre rekna som ein variant av z, ikkje ein eigen bokstav. Bruken er avgrensa til lånord og romanisering av mellom anna russisk og andre ikkje-latinske alfabet. Det er mogleg å erstatte ž med zh i estisk og finsk viss det er teknisk umogleg å bruke ž.[1]

Slaviske språk[endre | endre wikiteksten]

Ž er den 42. bokstaven i det tsjekkiske alfabetet, den 46. i det slovakiske, den 25. i den slovenske, det 27. i det sorbiske og den 30. i dei kroatiske og bosniske alfabeta. I dei latinske versjonane av serbisk, montenegrinsk og makedonsk er han òg den 30. bokstaven, og han vert brukt i det kviterussiske latinske alfabetet.

Berre sjeldan vert han brukt i latinske versjonar av russisk, ukrainsk, kviterussisk og bulgarsk.

I dei fleste av desse språka representerer ž ein stemt postalveolar frikativ /ʒ/ utanom i transliterasjon av kyrillisk Ж i russisk. Der representerer han ein stemt retrofleks frikativ /ʐ/.

Baltiske språk[endre | endre wikiteksten]

Ž er den 32. bokstaven i det litauiske alfabetet og den 33. i det latviske.

Andre språk[endre | endre wikiteksten]

Ž er:

  • Den 13. bokstaven i det turkmenske alfabetet, uttala ʒ.
  • Den 33. bokstavet i det laziske alfabetet, uttala d͡z.
  • Den 27. og siste bokstaven i det songhaiske alfabetet.
  • Brukt i romanisering av persisk, for ژ.
  • Brukt i standardortografien for lakota.
  • Uoffisielt brukt i kyprosgresk, for lyden ʒ som ikkje er ein lyd i standard moderne gresk.
  • Nokre gongar brukt i det gammalsyriske alfabetet, for å representere lyden ʒ i iranske lånord. Dog er digrafen «zh» vanlegare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Pullum, Geoffrey K.; Ladusaw, William A. (1996). Phonetic Symbol Guide. University of Chicago Press. s. 203.