Â

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

 (a-cirkumfleks, liten bokstav: â) er ein bokstav i skoltesamisk, rumensk, tyrkisk og vietnamesisk. Bokstaven dukkar òg opp i norsk, fransk, portugisisk, vestfrisisk, friulisk og vallonsk som eit avbrigde av bokstaven a.

I ymse mål[endre | endre wikiteksten]

Norsk[endre | endre wikiteksten]

Normalnorsk[endre | endre wikiteksten]

Cirkumfleks blir ein del bruka i norske ord der vokalen tidlegare hadde ein ð eller d etter seg. I samband med vokalen a blir cirkumfleksen normalt berre bruka i nokre få ord:

  • sâl (‘sadel’, i motsetnad til sal (‘hall, stort rom’)); å sâle (‘å leggje sâl på ’)

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg blir cirkumfleks ofte bruka i notasjon av ord med endingsbortfall i notasjon av dei dialektane som har slikt bortfall og som har ein særeigen uttale («cirkumfleksuttale») av slike ord:

  • «å gâng» (‘å gå’); «ei kâk» (‘ei kake’); «ei âm» (‘ei ame, tynne’)

Skoltesamisk[endre | endre wikiteksten]

 er den andre bokstaven i det skoltesamiske alfabetet, og vert uttala [ɐ], ein nesten-open, midtre vokal.

Rumensk[endre | endre wikiteksten]

 er den tredje bokstaven i det rumenske alfabetet og representerer /ɨ/. Bokstaven î er òg nytta til å skriva dette ljodet.

Vietnamesisk[endre | endre wikiteksten]

 er den tredje bokstaven i det vietnamesiske alfabetet og vert uttala /ɜ/. Innan vietnamesisk fonologi kan ein leggja til aksentteikn for å forma fylgjande fem tonar av â.

  • Ầ ầ
  • Ẩ ẩ
  • Ẫ ẫ
  • Ấ ấ
  • Ậ ậ

Ukrainsk[endre | endre wikiteksten]

 er nytta i ISO 9:1995-systemet for ukrainsk omskriving som bokstaven Я.

Portugisisk[endre | endre wikiteksten]

 er nytta for å visa trykk på stavingar. IPA-verdet er /ɐ/ (i brasilsk-portugisisk /ɐ͂/ når han kjem før nasale konsonantar).

Walisisk[endre | endre wikiteksten]

I walisisk vert  skriven for /ɑː/-ljodet.

Koding i skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Teiknsett Unicode ISO 8859-1, 2, 3, 4, 9, 10, 14, 15, 16
Majuskel  U+00C2 C2
Minuskel â U+00E2 E2

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]