"Love and Theft"

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Love and Theft)
Hopp til navigering Hopp til søk
«Love and Theft»
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 11. september 2001
Innspelt 8. til 21. mai 2001
Sjanger Folkrock, bluesrock, countryblues, roots rock, elektrisk blues, americana
Lengd 57:25
Selskap Columbia
Produsent Jack Frost (pseudonymet til Bob Dylan)
Bob Dylan-kronologi
Live 1961–2000: Thirty-Nine Years of Great Concert Performances
(2001)
«Love and Theft» The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue
(2002)


«Love and Theft» (som regel berre kalla Love and Theft) er det 31. studioalbumet til Bob Dylan, gjeve ut på Columbia Records den 11. september 2001. Dylan vart akkompagnert av turnébandet hans på den tida i tillegg til klaverspelaren Augie Meyers. Albumet nådde 5. plassen på Billboard 200, og har sidan selt til gullplate i USA.[1] Albumet gjekk til topps i Noreg. Ei avgrensa utgåve av albumet kom med to bonusspor på ein separat disk, med innspelinga frå tidleg i 1960-åra og to år seinare, den 16. september 2003, var dette albumet eit av fem Dylan-album som kom ut med nymastra lyd for SACD hybrid-formatet.

I 2003 vart albumet plassert på 467. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene, medan Newsweek kåra det til det nest beste albumet det tiåret.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Albumet heldt fram det kunstnariske comebacket etter Time out of Mind i 1997 og fekk enno betre mottaking enn det førre. Den korrekte tittelen på albumet er "Love and Theft" med hermeteikn. Tittelen var visstnok inspirert av boka til historikaren Eric Lott kalla Love & Theft: Blackface Minstrelsy and the American Working Class, som kom ut i 1993.

Opningssporet «Tweedle Dee & Tweedle Dum» består av mange referansar til paradar under Mardi Gras i New Orleans.

Sheryl Crow fekk tilbod om songen «Mississippi» frå Dylan, og spelte seinare inn ein livleg versjon av songen for The Globe Sessions i 1998, før Dylan sjølv spelte inn songen for Love and Theft. Sidan har Dixie Chicks ofte spelt songen på konsertane sine.

Greg Kot skreiv i Chicago Tribune (publisert 11. september 2001) «Love and Theft er, som tittelen indikerer ein slags hyllest, og aldri meir enn på 'High Water (for Charley Patton),' der Dylan teiknar eit feiande bilete av rasehistoria i Sørstatane med den ukjende bluessongaren som eit symbol for den kulturelle rikdommen i regionen og inngripande, grufulle samfunnsmessige handlingar. Tromlande trommer og klagande korvokal indikerer at ting går frå gale til verre. 'Det er tøft det ute', skurrar Dylan 'Høg vatn overalt'. Død og demens legg ein skugge over albumet, avløyst av ømheit og vond galgenhumor.»

Musikkskribenten Tim Riley skreiv om «Po Boy» at «det er ein song skriven for gitar med lounge jazz-akkordar og det høyrest nesten ut som han kunne ha vore spelt inn i 1920-åra.»[3]

Albumet vert avslutta med «Sugar Baby», ein lang klagesongaktig ballade kjend for dei stemningsfulle, apokalyptiske bileta og enkle produksjonen med mykje ekko. Riley hylla det som «ein finale å vere stolt av, bygd ring eit avvæpnande enkelt riff som vert illevarslande.»

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic93/100[4]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[5]
Blender5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[6]
Chicago Sun-Times3.5/4 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svg[7]
Entertainment WeeklyA−[8]
The Guardian3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[9]
Los Angeles Times4/4 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svg[10]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[11]
Rolling Stone5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[12]
Spin9/10[13]
The Village VoiceA+[14]

I ei heit melding for «Consumer Guide»-spalta hans i The Village Voice skreiv Robert Christgau: «Om Time Out of Mind var dødsalbumet hans - det var det ikkje, men du veit korleis folk snakkar - så er dette udøydelegheitsalbumet hans.»[14] Seinare då The Village Voice trykte sin årlege Pazz & Jop-kåring frå kritikarane, toppa Love and Theft denne lista, og for Dylan var dette tredje gongen.[15][16] Han toppa òg ei liknande liste i Rolling Stone.[17] Q oppførte Love and Theft som eit av dei 50 beste albuma i 2001.[18] Kludge rangerte albumet på åttandeplassen på si årsliste for 2001.[19]

I 2012 vart albumet rangert på 467. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, medan Newsweek kåra det til det neste beste albumet dette tiåret.[20] I 2009 rangerte Glide Magazine albumet som det beste i 2000-åra.[21] Entertainment Weekly sette det på si tiårsliste og skreiv «Den føreseieleg uføreseielege rockepoeten helsa det nye tusenåret med ein folkaktig, bluesaktig klassikar.»[22]

Albumet vann Grammyprisen for årets beste moderne folkealbum. Det vart òg nominert til prisen for årets album og songen «Honest with Me» vart nominert til årets beste rockevokal.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan

# TittelInnspelt Lengd
1. «Tweedle Dee & Tweedle Dum»  8. mai 2001 4:46
2. «Mississippi»  21. mai 2001 5:21
3. «Summer Days»  8. mai 2001 4:52
4. «Bye and Bye»  12. mai 2001 3:16
5. «Lonesome Day Blues»  11. mai 2001 6:05
6. «Floater (Too Much to Ask)»  12. mai 2001 4:59
7. «High Water (For Charley Patton)»  17. mai 2001 4:04
8. «Moonlight»  16. mai 2001 3:23
9. «Honest with Me»  9. mai 2001 5:49
10. «Po' Boy»  16. mai 2001 3:05
11. «Cry a While»  18. mai 2001 5:05
12. «Sugar Baby»  19. mai 2001 6:40
51:42
Avgrensa bonusplate
# Tittel Lengd
1. «I Was Young When I Left Home» (Innspelt 22. desember 1961) 5:24
2. «The Times They Are a-Changin'» (Alternativ versjon, spelt inn 23. oktober 1963[23]) 2:56
8:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2001) Plassering Veker på lista
Austerrike[24] 2 9
Australia[24] 6 4
Belgia (Vallonia)[24] 9 5
Belgia (Flandern)[24] 7 6
Danmark[24] 1 7
Finland[24] 16 3
Frankrike[24] 13 8
Italia[24] 2 7
Nederland[24] 16 6
New Zealand[24] 3 8
Noreg[24] 1 7
Sveits[24] 3 9
Sverige[24] 1 9
Tyskland[24] 4 9
USA - Billboard 200 5[25]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Sverige (GLF)[26] Gull 40 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[27] Gull 20 000x
Storbritannia (BPI)[28] Gull 100 000^
USA (RIAA)[29] Gull 757,000[30]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. RIAA website henta16. desember 2018. Mal:Webarchive
  2. «#2 'Love and Theft' Bob Dylan». Newsweek. 11. desember 2009. Henta 5. oktober 2010. 
  3. Riley, Tom (September 13, 2001). «Lay Down Your Weary Tune». www.publicbroadcasting.net. Henta 16. desember 2018. 
  4. «Reviews for Love and Theft by Bob Dylan». Metacritic. Henta 14. juli 2015. 
  5. Erlewine, Stephen Thomas. «Love and Theft – Bob Dylan». AllMusic. Henta 16. desember 2018. 
  6. Wolk, Douglas. «Bob Dylan: «Love and Theft»». Blender. Arkivert frå originalen 30. juni 2006. Henta 16. desember 2018. 
  7. DeRogatis, Jim (10. september 2001). «Dylan's labor of 'Love'». Chicago Sun-Times. Henta 16. desember 2018. 
  8. Browne, David (10. september 2001). «Love and Theft». Entertainment Weekly. Henta 16. desember 2018. 
  9. Petridis, Alex (7. september 2001). «One for the Bobcats». The Guardian. Henta 16. desember 2018. 
  10. Hilburn, Robert (9. september 2001). «This Year's Dylan Is a Sonic Dynamo». Los Angeles Times. Henta 16. desember 2018. 
  11. «Bob Dylan: «Love and Theft»». Q (182): 122. October 2001. 
  12. Sheffield, Rob (27. september 2001). «Love and Theft». Rolling Stone. Henta 16. desember 2018. 
  13. Light, Alan (November 2001). «The Jack of Hearts». Spin 17 (11): 127–28. Henta 16. desember 2018. 
  14. 14,0 14,1 Christgau, Robert (18. september 2001). «Consumer Guide: Minstrels All». The Village Voice. Henta 16. desember 2018. 
  15. «Pazz & Jop 2001: Album Winners». The Village Voice. Arkivert frå originalen 2. desember 2013. Henta 16. desember 2018. 
  16. «Pazz & Jop: Top 10 Albums By Year, 1971-2016». The Village Voice. Henta 16. desember 2018. 
  17. Fricke, David (27. desember 2001). «The Year in Recordings: The Top 10 Albums of the Year 2001». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 8. februar 2010. Henta 28. mars 2014. 
  18. «The Best 50 Albums of 2001». Q: 60–65. December 2001. 
  19. Perez, Arturo. «Top 10 Albums of 2001». Kludge. Arkivert frå originalen 22. juli 2004. Henta 25. november 2015. 
  20. «#2 'Love and Theft' Bob Dylan». Newsweek. 2009-12-11. Arkivert frå originalen 6. januar 2010. Henta 2009-12-27. 
  21. «Glide's Best Albums of the Decade» Mal:Webarchive
  22. Geier, Thom; Jensen, Jeff; Jordan, Tina; Lyons, Margaret; Markovitz, Adam; Nashawaty, Chris; Pastorek, Whitney; Rice, Lynette; Rottenberg, Josh; Schwartz, Missy; Slezak, Michael; Snierson, Dan; Stack, Tim; Stroup, Kate; Tucker, Ken; Vary, Adam B.; Vozick-Levinson, Simon; Ward, Kate (11. desember 2009), «THE 100 Greatest Movies, TV Shows, Albums, Books, Characters, Scenes, Episodes, Songs, Dresses, Music Videos, and Trends That Entertained Us over the Past 10 Years». Entertainment Weekly. (1079/1080):74-84
  23. Olof Björner. «Still on the Road: 1963 Concerts and Recording Sessions: Studio A, Columbia Recording Studios, New York City, New York, 23. oktober 1963, The 4th The Times They Are A-Changin' session, produced by Tom Wilson». Henta 16. desember 2018. 
  24. 24,00 24,01 24,02 24,03 24,04 24,05 24,06 24,07 24,08 24,09 24,10 24,11 24,12 24,13 «norwegiancharts.com Bob Dylan - Love and Theft» (ASP). Hung Medien. Henta 16. desember 2018. 
  25. «Bob Dylan - Chart history | Billboard». www.billboard.com (på engelsk). Henta 16. desember 2018. 
  26. «Guld- och Platinacertifikat − År 2001» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. 
  27. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Bob Dylan; 'Love and Theft')». Hung Medien. 
  28. «British album salstrofé – Bob Dylan – Love and Theft». British Phonographic Industry.  Enter Love and Theft in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  29. «American album salstrofé – Bob Dylan – Love and Theft». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  30. Spiegel, Max. «New Dylan Album : 'Modern Times'».