After School Session

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
After School Session
Studio av Chuck Berry
Utgjeve Mai 1957[1]
Innspelt 21. mai 1955–21. januar 1957 i Chicago[2]
Sjanger Rock and roll
Lengd 33:16
Selskap Chess
Produsent Leonard Chess, Phil Chess[2]
Chuck Berry-kronologi
After School Session One Dozen Berrys
(1958)
Singlar frå After School Session
  1. «No Money Down»
    Utgjeve: December 1955[1]
  2. «Too Much Monkey Business»
    Utgjeve: September 1956[1]
  3. «School Days»
    Utgjeve: Mars 1957[1]
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter

After School Session er debutalbumet til Chuck Berry. Det kom ut i mai 1957 på Chess Records med katalognummer LP 1426. Med unntak av tre songar, «Roly Poly», «Berry Pickin'» og «Together (We Will Always Be)», hadde alle songane tidlegare vore utgjevne på singlar. Det var det andre albumet plateselskapet gav ut.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Den første songen på den originale versjonen av After School Session som vart gjeven ut var «Wee Wee Hours», B-sida til «Maybellene», som kom ut i juli 1955.[1] Denne nådde 10. plassen på Billboard si R&B Singles-liste.[4] Den neste songen som vart gjeven ut var «Together We Will Always Be», B-sida til «Thirty Days», i september 1955. Den to neste songane var «No Money Down» med B-sida «Down Bound Train», i desember 1955,[1] og førstnemnte nådde åttandeplassen på R&B Singles-lista.[4] I mai 1956 vart «Drifting Heart» gjeven ut som B-sida til «Roll Over Beethoven». Den neste singelen til Berry var «Too Much Monkey Business» med B-sida «Brown Eyed Handsome Man», som kom ut i september 1956;[1] desse songane nådde høvesvis fjerde- og femteplassen på R&B Singles-lista.[4] «Havana Moon», som var B-sida til «You Can't Catch Me», kom ut i november 1956. Den siste singelen frå albumet som kom ut var «School Day (Ring Ring Goes the Bell)» i lag med «Deep Feeling», i mars 1957,[1] der førstnemnte gjekk til topps på R&B Singles-lista og tredjeplassen på Hot 100.[4]

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Songane på After School Session vart henta frå dei første fem innspelingane til Berry for Leonard og Phil Chess. «Wee Wee Hours» var den første som vart spelt inn, 21. mai 1955. «Together (We'll Always Be)» vart spelt inn i september 1955. Under den neste innspelinga, 20. desember 1955, spelte Berry inn «Roly Poly» (òg kjend som «Rolli Polli»), «No Money Down», «Berry Pickin'» og «Down Bound Train». Den tredje innspelinga var 16. april 1956, då han spelte inn «Too Much Monkey Business», «Brown Eyed Handsome Man» og «Drifting Heart». «Havana Moon» vart spelt inn 29. oktober 1956. Den siste innspelinga fann stad 21. januar 1957 då han spelte inn «School Days» og «Deep Feeling».[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «School Days»   2:43
2. «Deep Feeling»   2:21
3. «Too Much Monkey Business»   2:56
4. «Wee Wee Hours»   3:05
5. «Roly Poly (aka Rolli Polli)»   2:51
6. «No Money Down»   2:59
Side to
# Tittel Lengd
1. «Brown Eyed Handsome Man»   2:19
2. «Berry Pickin'»   2:33
3. «Together (We Will Always Be)»   2:39
4. «Havana Moon»   3:09
5. «Downbound Train»   2:51
6. «Drifting Heart»   2:50
Bonusspor på 2004-utgåva
# Tittel Lengd
1. «You Can't Catch Me»   2:44
2. «Thirty Days (To Come Back Home)»   2:25
3. «Maybellene»   2:19

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Technical

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Rudolph, Dietmar. «A Collector's Guide to the Music of Chuck Berry: The Chess Era (1955–1966)». Henta 3. september 2009. 
  2. 2,0 2,1 2,2 After School Session (CD liner notes). Chuck Berry. USA: Geffen Records/Chess Records. 2004. s. 10–15. B0001685-02. 
  3. Allmusic review
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Chuck Berry: Billboard Singles». Allmusic. Rovi. Henta 27. juni 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]