Little Queenie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Little Queenie
Singel av Chuck Berry
frå albumet Chuck Berry Is on Top
Utgjeve 1959
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:44
Selskap Chess
Låtskrivar(ar) Chuck Berry

«Little Queenie» er ein song skriven og innspelt av Chuck Berry. Han kom ut i 1959 på albumet Chuck Berry Is on Top og som ei dobbel A-side med «Almost Grown». Berry framførte songen i filmane Go, Johnny Go! (1959) og Hail! Hail! Rock 'n' Roll (1987). Songen har sidan blitt spelt av mange andre artistar, som Beatles, Rolling Stones og REO Speedwagon. Eit år tidlegare hadde Berry gjeve ut «Run Rudolph Run», ein julesong med same melodi.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" vinyl

  1. «Almost Grown»
  2. «Little Queenie»

Lister og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Songen nådde 80. plassen på Billboard Hot 100-lista.[1]

Allmusic kallar songen ei «utruleg rock & roll-anthem» og «ein av dei besste dans/sex-ritualistiske klassikarane.»[2] Songen er med på fleire av samlealbuma til Berry, som The Great Twenty-Eight og Chuck Berry's Golden Decade.

Beatles-versjonar[endre | endre wikiteksten]

I følgje Mark Lewisohn i «The Complete Beatles Chronicles» (s. 363), framførte Beatles «Little Queenie» på konsertane sine frå minst 1960 til 1963 med Paul McCartney på solovokal. Eit publikumopptak frå desember 1962 finst på Live! at the Star-Club in Hamburg, Germany; 1962. I følgje forfattaren Doug Sulpy i «Drugs, Divorce and Slipping Image» (seksjon 22.26) under den massive innspelinga for albumet Get Back song John Lennon solovokal på ein forholdsvis kort versjon av songen. Paul McCartney og Wings-gitaristen Denny Laine spelte inn ein jam-versjon av songen i 1970-åra.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones spelte ofte songen på konsertane sine. Ein versjon vart spelt inn i november 1969 i Madison Square Garden og denne kom med på albumet Get Yer Ya-Ya's Out! The Rolling Stones in Concert. Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Jerry Lee Lewis, Kinks, Eric Clapton, Rod Stewart, Velvet Underground, Eric Burdon, Johnny Moped, Bruce Springsteen, Bob Seger, Johnny Thunders, Savoy Brown, Jan Berry og REO Speedwagon.[3]

Songen inspirerte Marc Bolan frå T. Rex til å skrive songen «Get It On».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chuck Berry Is on Top: Awards». Allmusic. Henta 3. juli 2017. 
  2. «Little Queenie». Allmusic. Henta 3. juli 2017. 
  3. «Covered 'Berries'». ChuckBerry.com. Arkivert frå originalen 2013-03-19. Henta 3. juli 2017.