Albumet Barcelona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barcelona
Studioalbum av Freddie Mercury og Montserrat Caballé
Språk engelsk
Utgjeve 10. oktober 1988
Innspelt Januar 1987–juni 1988 i Townhouse og Mountain Studios[1]
Sjanger Classical crossover
Lengd 39:56
Selskap Polydor, Hollywood
Produsent Freddie Mercury, Mike Moran, David Richards
2012-utgåva produsert og orkestrert av Stuart Morley
Freddie Mercury-kronologi 
Mr. Bad Guy
(1985)
Barcelona The Freddie Mercury Album
(1992)
Singlar frå Barcelona
  1. «Barcelona»
    Utgjeve: 26 Oktober 1987
  2. «The Golden Boy»
    Utgjeve: 24 Oktober 1988
  3. «How Can I Go On»
    Utgjeve: 23. januar 1989
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[2]
Entertainment WeeklyB[3]

Barcelona er eit studioalbum spelt inn av Freddie Mercury, frontmann i det populære, britiske rockebandet Queen, og opera-sopranen Montserrat Caballé. Albumet kom ut i 1988. Det er det andre og siste soloalbumet til Mercury.

Etter Barcelona vart vald som vertsby for sommar-OL 1992, vart Mercury spurt om å skrive ein kjenningsmelodi for dei komande leikande. Ideen var å skape ein duett med Montserrat, som er frå byen. Han hadde lenge vore ein stor fan av Montserrat. Dei valde å arbeide på eit album i lag, der Mercury og Mike Moran tok rolla som låtskrivarar. Mercury og Moran sende ho lydband med musikk, der Mercury song i falsett på Monteserrat sine vokalparti. Sidan dei sjeldan fekk høve til å møtast, vart vokalane deira spelte inn kvar for seg.[4]

Ei spesialutgåve av albumet kom ut 3. september 2012. Det var ein ny versjon av albumet der dei tidlegare instrumentalspora var erstatta av nytt, live symfoniorkester og perkusjon, i staden for synthesizer og trommemaskinar. Den nye utgåva hadde òg eit unikt plateomslag.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Freddie Mercury og Mike Moran, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Barcelona»5:37
2.«La Japonaise»4:49
3.«The Fallen Priest» (Mercury, Moran, Tim Rice)5:46
4.«Ensueño» (Mercury, Moran, Montserrat Caballé)4:27
5.«The Golden Boy» (Mercury, Moran, Rice)6:04
6.«Guide Me Home»2:49
7.«How Can I Go On»3:51
8.«Overture Piccante»6:40

Songar[endre | endre wikiteksten]

Barcelona[endre | endre wikiteksten]

Songen vart komponert og produsert av Mike Moran og Freddie Mercury. På innspelinga spelte Homi Kanga og Laurie Lewis fiolin, Deborah Ann Johnston cello, Barry Castle horn og Frank Ricotti perkusjon. «Barcelona» vart vald som kjenningsmelodi for sommar-OL 1992 i Barcelona i Spania, men Mercury døydde sju månader før leikane. Songen vart nytta i opningsseremonien.[6][7] Musikkvideoen vart filma på den største nattklubben i verda, Ku, i dag kalla PrivilegeIbiza.

Russell Watson spelte songen på albumet The Voice med Shaun Ryder.

La Japonaise[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn 9. november 1987 (ein tidleg demoversjon finst frå 1. september). Mercury skreiv all teksten, inkludert teksten på japansk. Han song somme delar av songen i falsett, som også vart brukt i den endelege versjonen.

The Fallen Priest[endre | endre wikiteksten]

Songen var opphavleg eit virtuost pianostykke av Moran, med noko lys vokal av Mercury. Han vart først kalla «Rachmaninov's Revenge» (demoversjonar finst frå 26. januar og 19. februar). Han fekk så namnet «The Duet» og til slutt «The Fallen Priest» då Tim Rice skreiv tekst til han. Elaine Paige budde med Rice på den tida og ho arbeidde på eit album med Queen-songar. Dette kom òg ut i 1987 og vart produsert av Moran, som dirigerte orkesteret, skreiv arrangementa og spelte piano og klaverinstrument.

Ensueño[endre | endre wikiteksten]

Då Mercury først møtte Montserrat Caballé i mars 1987, tok han med seg eit stykke han og Moran hadde skrive, kalla «Exercises in Free Love». Caballé la tekst til og songen vart kalla «Ensueño». Ho bad han syngje songen i den naturlege barytonstemma si.[8]

The Golden Boy[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå The Golden Boy.

Denne songen inneheld tekst frå Rice og vart spelt inn 1. desember 1987 (tidlege demoversjonar finst frå 2. mai og 9. november). Eit gospelkor av kjende musikarar syng på songen. Med i koret var Madeline Bell, Dennis Bishop, Lance Ellington, Miriam Stockley, Peter Straker, Mark Williamson og Carol Woods. Straker var venen til Mercury som hjelpte han med teksten på «I'm Going Slightly Mad», og Stockley song seinare med Brian May.

Guide Me Home[endre | endre wikiteksten]

Denne heitte opphavleg «Freddie's Overture» og var ein av dei siste songane som vart skrivne for albumet (tidleg i 1988).

How Can I Go On[endre | endre wikiteksten]

Denne songen kom frå våren 1987. På albumet byrjar han saumlaust frå den førre songen. John Deacon spelar bass på songen.

Overture Piccante[endre | endre wikiteksten]

Det siste sporet på albumet miksar delar av andre songar på albumet til eit nytt stykke.

Spesialutgåve (2012)[endre | endre wikiteksten]

Spesialutgåva frå 2012 erstatta den originale instrumenteringa, som vart skapt med synthesizerar og samplerar, med eit fullt symfoniorkester.[9]

Musikken vart transkribert og om-orkestrert av Stuart Morley, den musikalske leiaren for Queen-musikalen We Will Rock You. Han var òg produsent på albumet. Morley lytta til den originale innspelinga for å få tak i harmoniane og dei leiande partia, og orkestrerte så albumet på ny.

Musikken vart framført av Prague FILMharmonic Orchestra. Naoko Kikuchi spelte koto på «La Japonaise», medan Rufus Taylor, sonen til Queen-medlemmet Roger Taylor, spelte trommer på «The Golden Boy» og «How Can I Go On»,. Den klassiske fiolinisten David Garrett spelte inn ein ny fiolinsolo for den sistnemnde.

Plate ein - Ny-orkestrert album[endre | endre wikiteksten]

  1. «Barcelona» - 5:43
  2. «La Japonaise» - 4:52
  3. «The Fallen Priest» - 5:46
  4. «Ensueño» - 4:22
  5. «The Golden Boy» - 6:04
  6. «Guide Me Home» - 2:50
  7. «How Can I Go On» - 3:49
  8. «Exercises in Free Love» - 3:57
  9. «Overture Piccante» - 6:47
  10. «How Can I Go On» [bonusspor med David Garrett] - 3:56

Plate to - The Best of the Rarities and Session Outtakes[endre | endre wikiteksten]

  1. «Exercises in Free Love» [1987 B-side] - 4:26
  2. «Barcelona» [Early Version: Freddie's Demo Vocal] - 4:21
  3. «La Japonaise» [Early Version: Freddie's Demo Vocal] - 4:41
  4. «Rachmaninov's Revenge (The Fallen Priest)» [Later Version: Freddie's Demo Vocal] - 5:51
  5. «Ensueño» [Monsterrat's Live Takes] - 5:36
  6. «The Golden Boy» [Early Version: Freddie's Demo Vocal] - 3:54
  7. «Guide Me Home» [Alternative Version] - 2:50
  8. «How Can I Go On» [Alternative Version] - 4:03
  9. «How Can I Go On» [Alternative Piano Version] - 3:44

Plate tre - Orkesterversjon[endre | endre wikiteksten]

  1. «Barcelona» [Instrumental] - 5:39
  2. «La Japonaise» [Instrumental] - 4:51
  3. «The Fallen Priest» [Instrumental] - 5:47
  4. «Ensueño» [Instrumental] - 4:01
  5. «The Golden Boy» [Instrumental] - 6:03
  6. «Guide Me Home» [Instrumental] - 2:50
  7. «How Can I Go On» [Instrumental] - 3:37
  8. «Exercises in Free Love» [Instrumental] - 3:57
  9. «Overture Piccante» [Instrumental] - 6:43

Plate fire - DVD[endre | endre wikiteksten]

  • Club Ibiza Performance
  1. «Barcelona»
  • La Nit Barcelona Performance
  1. «Barcelona»
  2. «How Can I Go On"
  3. «The Golden Boy"
  • Barcelona [Classic Video]
  • Barcelona [The Special Edition EPK]
  • Barcelona [2012 Edit by Rhys Thomas]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Land Lister Sal
1988: 1992 reissue: Salstrofé
Plassering Veker Plassering Veker
Austerrike[10] 24 6
Tyskland 41 18
Japan 93 1
Nederland 9 22
New Zealand[10] 13 9
Sverige[10] 37 1
Sveits 18 5 Platina[10]
Storbritannia 25 15 8 Sølv[11]
USA 6

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Singel Barcelona (1987/1992)

Land Lister[12]
Plassering Veker
1987:
Storbritannia 8 9
Sverige 15
Nederland 34 3
1992-utgåva:
Nederland 2 10
Storbritannia 2 8
Sveits 8 13
Sverige 12
Australia 42 3

Singel The Golden Boy (1988)

Land Lister
Plassering Veker
Storbritannia 80

Singel How Can I Go On (1989)

Land Lister
Plassering Veker
Storbritannia 95

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]