Tattoo You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tattoo You
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 24. august 1981
Innspelt November–desember 1972, Januar–mars 1975, January–mars 1978, Januar–oktober 1979, oktober 1980 – juni 1981
Sjanger Rock, hardrock, rock and roll
Lengd 44:23
Selskap Rolling Stones
Produsent The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi
Emotional Rescue
(1980)
Tattoo You Undercover
(1983)
Singlar frå Tattoo You
  1. «Start Me Up»
    Utgjeve: 14. august 1981
  2. «Waiting on a Friend»
    Utgjeve: 30. november 1981
  3. «Hang Fire»
    Utgjeve: April 1982
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
The A.V. Clubfavourable[2]
Blender5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg
Robert ChristgauA–[3]
The Great Rock Discography6/10[4]
MusicHound3/5[5]
NME6/10[6]
Rolling Stone5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[7]
The Rolling Stone Album Guide4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[8]
Virgin Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]

Tattoo You er eit album av The Rolling Stones som kom ut i 1981. Han var oppfølgjaren til Emotional Rescue og var eit kritikarrost og eit kommersielt suksessrikt album då det kom ut. Framleis vert albumet rekna som eit av dei beste The Rolling Stones-albuma.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tattoo You består hovudsakleg av tidlegare innspelingar som gjekk nesten ti år bakover i tid med ny vokal og enkelte nye lydspor lagt oppå. I tillegg til to nye songar, sette Stones saman denne samlinga for å ha eit nytt album å promotere då dei la ut på ein verdsomfattande turne i september 1981. «Tops» og «Waiting on a Friend» vart spelt inn seint i 1972 under innspelinga av Goats Head Soup (med Mick Taylor på gitar). Taylor kravde seinare honorar for albumsalet, noko han òg fekk. «Slave» og «Worried About You» vart spelte inn i 1975 under innspelinga av Black og Blue i Rotterdam. Dei har med Billy Preston på tangentar og Ollie Brown perkusjon. Wayne Perkins spelar sologitar på «Worried About You». Songane «Hang Fire», «Start Me Up» og «Black Limousine» vart opphavleg spelt inn i 1977 under innspelinga av Some Girls. «Start Me Up» vart først spelt inn som ein reggaesong i 1975 som «Never Stop», men vart ikkje gjeven ut den gong. «Black Limousine» vart trekt fram att og arbeida med under innspelinga av Emotional Rescue i 1979. «Little T&A» og «No Use in Crying» kom frå innspelinga av Emotional Rescue. «Neighbours» og «Heaven» var dei einaste nye innspelingane (frå april til juni 1981) på albumet, men bandet hadde alt starta på «Neighbours» under arbeidet med Emotional Rescue.

På nokre av dei eldste songane vart det lagt på nye lydspor og dei vart miksa under innspelinga av Emotional Rescue i 1971 eller i 1981 då Tattoo You vart sett saman.

The Rolling Stones delte Tattoo You inn i to delar, ei side med rock and roll-songar og den andre med større fokus på balladar.

«Start Me Up» vart gjeven ut som singel i august 1981, ei veke før sjølve albumet. Han vart godt teken imot og nådde Topp 10 i store delar av verda. Songen vert nærast rekna som ein signaturlåt og var med på å trekke albumet til førsteplassen i USA, der det låg i ni veker. I Storbritannia gjekk albumet til andreplassen og i Noreg til tredjeplass. Meldingane av albumet var òg positive og mange meinte det var eit steg opp i høve til det førre albumet, Emotional Rescue.

Sjølv om bandet framleis er populære i dag, var Tattoo You det siste albumet deira som nådde toppen i USA, og ingen singlar seinare nådde så høgt som «Start Me Up» (2. plass i USA).

Albumtittelen skulle opphavleg vere berre «Tattoo». Jagger hevdar at han ikkje anar korleis «You» kom til i tittelen. Dette skapte gnissingar mellom Jagger og Richards, som mistenkte at Jagger hadde endra tittelen utan å spørje han først.

I 1989 vart albumet rangert på 34. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 100 beste albuma i 1980-åra. I 2003 hamna albumet på 211. plass på lista deira over dei 500 best albuma gjennom tidene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Start Me Up»   3:32
2. «Hang Fire»   2:21
3. «Slave»   6:33
4. «Little T&A»   3:23
5. «Black Limousine» (Mick Jagger/Keith Richards/Ronnie Wood) 3:31
6. «Neighbours»   3:31
Side to
# Tittel Lengd
7. «Worried About You»   5:17
8. «Tops»   3:45
9. «Heaven»   4:22
10. «No Use in Crying» (Mick Jagger/Keith Richards/Ronnie Wood) 3:25
11. «Waiting on a Friend»   4:34

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones

  • Mick Jagger – solovokal (alle utanom 4), korvokal (alle utanom 5); elektrisk gitar (9, 10); munnspel (spor 5), perkusjon (spor 9)
  • Keith Richards – elektrisk gitar (alle utanom 9), korvokal (1-4, 6-7, 10); solovokal and bassgitar (spor 4)
  • Ronnie Wood – elektrisk gitar (alle utanom 7, 8, 9, 11), korvokal (1-2, 4, 6, 10); bassgitar (spor 2)
  • Bill Wyman – bassgitar (alle utanom 2, 4); synthesizer, elektrisk gitar og perkusjon (spor 9)
  • Charlie Watts – trommer, perkusjon (spor 9)
  • Mick Taylor – elektrisk gitar (8, 11)

Andre medverkande

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981–82) Plassering
Australske Kent Music Report[9] 1
Den austerrikske albumlista[10] 2
Den kanadiske RPM-lista[11] 1
Den nederlandske albumlista[12] 1
Den franske SNEP-lista[13] 1
Den italienske albumlista[14] 3
Den japanske Oricon-lista[15] 8
Den newzealandske albumlista[16] 1
Noreg - VG-lista[17] 3
Den spanske albumlista[18] 2
Den svenske albumlista[19] 3
UK Albums Chart[20] 2
US Billboard 200[21] 1
Den tyske Media Control-lista[22] 3

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Position
Den australske albumlista[9] 12
Den kanadiske albumlista[23] 5
Den nederlandske albumlista[24] 22
Den franske albumlista[25] 40
Den italienske albumlista[14] 27
UK Albums Chart[26] 35
US Billboard 200[27] 22
Liste (1982) Position
Den australske albumlista[9] 20
Den kanadiske albumlista[28] 51
Den nederlandske albumlista[29] 72
US Billboard 200[30] 11

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[31] Gull 332,190[32]
Canada (Music Canada)[33] 4× Platina 400 000^
Nederland (NVPI)[34] Gull 50 000^
Spania(PROMUSICAE)[35] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[36] Gull 100 000^
USA (RIAA)[37] 4× Platina 4 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thomas, Stephen (30. august 1981). «Allmusic Review». Allmusic.com. Henta 29. mars 2018. 
  2. «We're No. 1 Review». theavclub.com. Arkivert frå originalen den 17. desember 2011. Henta 30. desember 2011. 
  3. «Robert Christgau Review». Robertchristgau.com. Arkivert frå originalen den 28. juli 2011. Henta 29. mars 2018. 
  4. 4,0 4,1 «The Rolling Stones Tattoo You». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen den 27. november 2014. Henta 29. mars 2018. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 952. ISBN 1-57859-061-2. 
  6. «The Rolling Stones – Tattoo You CD». CD Universe/Muze. Henta 29. mars 2018. 
  7. Debra Rae Cohen (15. oktober 1981). «Rolling Stone Review». Rollingstone.com. Arkivert frå originalen den 24. mai 2011. Henta 29. mars 2018. 
  8. "The Rolling Stones: Album Guide". rollingstone.com. Archived version retrieved 29. mars 2018.
  9. 9,0 9,1 9,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  10. «The Rolling Stones – Tattoo You – austriancharts.at». Arkivert frå originalen (ASP) 1. november 2013. Henta 29. mars 2018. 
  11. «Top Albums/CDs - Volume 35, No. 11». RPM. 10. oktober 1981. Arkivert frå originalen den 23. september 2013. Henta 29. mars 2018. 
  12. «dutchcharts.nl The Rolling Stones – Tattoo You» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Arkivert frå originalen den 7. mars 2013. Henta 29. mars 2018. 
  13. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 29. mars 2018. Merk: vel 'The Rolling Stones' i listadown.
  14. 14,0 14,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1981» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Arkivert frå originalen den 7. april 2012. Henta 29. mars 2018. 
  15. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  16. «charts.org.nz The Rolling Stones – Tattoo You». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 1. oktober 2013. Henta 29. mars 2018. 
  17. «norwegiancharts.com The Rolling Stones – Tattoo You». Arkivert frå originalen (ASP) 23. oktober 2013. Henta 29. mars 2018. 
  18. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  19. «swedishcharts.com The Rolling Stones – Tattoo You» (ASP). Sverigetopplistan. Arkivert frå originalen den 22. oktober 2013. Henta 29. mars 2018. 
  20. «The Rolling Stones > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Arkivert frå originalen den 19. april 2013. Henta 29. mars 2018. 
  21. «Allmusic: Tattoo You : Charts & Awards : Billboard Albums». allmusic.com. Henta 29. mars 2018. 
  22. «Album Search: The Rolling Stones – Tattoo You» (ASP) (på tysk). Media Control. Arkivert frå originalen den 5. juli 2014. Henta 29. mars 2018. 
  23. «RPM Top 100 Albums of 1981». RPM. 26. desember 1981. Arkivert frå originalen den 7. juni 2013. Henta 3. oktober 2011. 
  24. «Dutch charts jaaroverzichten 1981» (ASP) (på nederlandsk). Arkivert frå originalen den 12. mai 2014. Henta 2. april 2014. 
  25. «Les Albums (CD) de 1981 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 30. mars 2014. Henta 29. mars 2018. 
  26. «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 19. mai 2012. Henta 2. april 2014. 
  27. Nielsen Business Media, Inc (26. desember 1981). Billboard.com – Year End Charts – Year-end Albums – The Billboard 200. Arkivert frå originalen den 5. juli 2014. Henta 29. mars 2018. 
  28. «Top 100 Albums '82». RPM. 25. desember 1982. Arkivert frå originalen den 29. desember 2012. Henta 29. mars 2018. 
  29. «Dutch charts jaaroverzichten 1982» (ASP) (på nederlandsk). Arkivert frå originalen den 12. mai 2014. Henta 2. april 2014. 
  30. «Billboard.BIZ: Top Pop Albums of 1982». billboard.biz. Arkivert frå originalen 15. januar 2013. Henta 29. april 2014. 
  31. «French album salstrofé – The Rolling Stones – Tattoo You» (på fransk). InfoDisc.  Select THE ROLLING STONES and click OK
  32. «Les Albums Or :» (på fransk). Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 23. april 2014. Henta 21. august 2013. 
  33. «Canadian album salstrofé – The Rolling Stones – Tattoo You». Music Canada. 
  34. «Dutch album salstrofé – The Rolling Stones – Tattoo You» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  35. «Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990» (på spansk). Iberautor Promociones Culturales. ISBN 8480486392. 
  36. «British album salstrofé – The Rolling Stones – Tattoo You». British Phonographic Industry.  Enter Tattoo You in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  37. «American album salstrofé – The Rolling Stones – Tattoo You». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH