Never Let Me Down
Never Let Me Down Studioalbum av David Bowie | ||
Utgjeve | 27. april 1987 | |
Innspelt | Mountain Studios i Montreux i Sveits, hausten 1986 [1] | |
Sjanger | Rock, poprock | |
Lengd | 53:07 | |
Selskap | EMI America Records | |
Produsent | David Bowie og David Richards | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
David Bowie-kronologi | ||
Labyrinth (1986) |
Never Let Me Down | Tin Machine: Tin Machine (1988) David Bowie: Black Tie White Noise (1993)
|
Never Let Me Down er eit album av David Bowie, som kom ut i april 1987. Det vart skriven over ein periode på tre månader og spelt inn i Sveits,[4]. Då albumet kom ut rekna Bowie det som «eit steg attende til rock 'n' roll-musikk. Særs direkte.»[5]
Bowie skildra songane frå Never Let Me Down som særs orienterte mot å framførast på scenen[6] og dei danna ryggraden i den særs teatralske Glass Spider-turneen i 1987.
Då albumet kom ut tenkte Bowie at han ønskte å gå attende i studio for å spele inn fleire songar og sa: «Me er alle veldig begeistra om å gå attende i studio. Me skreiv mange songar for dette albumet og eg trur det er mykje meir nytt me ønskjer å spele inn.»[7] Planane vart ikkje noko av og det neste soloalbumet til Bowie kom ikkje før Black Tie White Noise i 1993.
Album- og songutvikling[endre | endre wikiteksten]
Etter suksessen med Serious Moonlight-turneen sa Bowie at sjølv om han likte den plutselege populariteten «songane mine ser ut til å ha no ... så var det ei kjensle der eg ikkje var komfortabel med, med all denne glansen, og eg ønskte å gå attende til eit lite, tett rockeband, slik det var då eg starta»[8] Trass i kritikk i pressa, sa Bowie at dette var eit av dei mest morosame og energiske album ahan hadde laga på lang tid.[9][10]
Den første songen ut på singel, «Day-In Day-Out», vart skriven fordi Bowie hadde fått med seg det som skjedde i Amerika gjennom media om handsaminga av heimlause, og ønskte å uttale seg om dette.[11] Videoen til songen vart bannlyst på somme nettverk, noko Bowie meinte var «latterleg».[12]
«Time Will Crawl» var i følgje Bowie sjølv favoritten hans på albumet, inspirert av hendingane i Tsjernobyl, og ideen om at nokon i ditt eige nabolag kunne vere ansvarleg for slutten av verda.[13] Songen var den andre singelen frå albumet.
Tittelsporet, «Never Let Me Down», handlar om den langvarige personlege assistenten til Bowie, Coco Schwab.[14] Songen var den tredje singelen frå albumet.
Skodespelar Mickey Rourke spurte Bowie om han kunne få vere med på ein av songane, etter at dei møttest i London, der Rourke var med i filmen A Prayer for the Dying. Bowie fekk han til å rappe i midten av songen «Shining Star (Makin' My Love)».
Ettermæle[endre | endre wikiteksten]
I 1993, då han heldt pressekonferansar for albumet Black Tie White Noise, sa Bowie at sjølv om dette albumet selde meir enn nokre av dei førre albuma hans, hadde han ei kreativ vanskeleg tid frå 1984 til 1988. «Eg mista i røynda interessa for musikken».[15]
Ingen av songane frå albumet er spelte på konsertar av Bowie etter turneen i 1987.
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Day-In Day-Out» | 4:38 | |
2. | «Time Will Crawl» | 4:18 | |
3. | «Beat of Your Drum» | 4:32 | |
4. | «Never Let Me Down» | Bowie, Carlos Alomar | 4:03 |
5. | «Zeroes» | 5:46 | |
6. | «Glass Spider» | 4:56 | |
7. | «Shining Star (Makin' My Love)» | 4:05 | |
8. | «New York's in Love» | 3:55 | |
9. | «'87 and Cry» | 3:53 | |
10. | «Too Dizzy» | Bowie, Erdal Kizilcay | 3:58 |
11. | «Bang Bang» | Iggy Pop, Ivan Kral | 4:02 |
Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]
«Too Dizzy» er fjerna frå alle seinare nyutgjevingar av albumet. I 1995 gav Virgin Records ut albumet på CD med tre bonusspor. EMI gav ut albumet med ny lyd i 1999, men utan bonusspor og «Too Dizzy».
CD: Virgin (1995-utgåva)[endre | endre wikiteksten]
- «Girls» (extended edit) (Bowie, Kizilcay) (B-side frå 1987 til «Time Will Crawl») – 5:38
- «Julie» (B-side til «Day-In Day-Out» frå 1987) – 3:45
- «When the Wind Blows» (frå When the Wind Blows frå 1985) – 3:36
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Produsentar:
- David Bowie
- David Richards
- Musikarar:
- David Bowie – vokal, gitar, tangentinstrument, tamburin, korvokal
- Carlos Alomar – gitar, gitarsynthesiser, tamburine, korvokal
- Erdal Kizilcay – tangentinstrument, trommer, bass, trompet, korvokal, fiolinar
- Peter Frampton – sologitar
- Philippe Saisse – piano, tangentinstrument
- Carmine Rojas – bass
- Earl Gardner – valthorn
- Crusher Bennet – perkusjon
- Stan Harrison – altsaksofon
- Laurie Frink – trompet
- Steve Elson – barytonsaksofon
- Lenny Pickett – tenorsaksofon
- Robin Clark, Loni Groves, Diva Gray, Gordon Grodie – korvokal
- Sid McGinnis – sologitar på Bang Bang, Time Will Crawl og Day-In Day-Out
- Mickey Rourke – rap på Shining Star (Makin' My Love)
Lister[endre | endre wikiteksten]
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1987 | Noreg | 3 |
1987 | US Billboard 200 | 34[16] |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Never Let Me Down» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Buckley, David. Strange fascination: David Bowie, the definitive story. Virgin Books, 2005. 0753510022, 9780753510025
- ↑ http://www.allmusic.com/album/r2516
- ↑ «CG: david bowie». Robert Christgau. Henta 23. september 2011.
- ↑ New York Glass Spider Press Conference, mars 18, 1987
- ↑ Amsterdam Glass Spider Press Conference, mars 30, 1987
- ↑ London Glass Spider Press Conference, mars 20, 1987
- ↑ Amsterdam Glass Spider Press Conference, mars 30, 1987
- ↑ Amsterdam Glass Spider Press Conference, 30. mars 1987
- ↑ Stockholm Glass Spider Press Conference, 28. mars 1987
- ↑ New York Glass Spider Press Conference, 18. mars 1987
- ↑ Stockholm Glass Spider Press Conference, 28. mars 1987
- ↑ Amsterdam Glass Spider Press Conference, mars 30, 1987
- ↑ "David Bowie - The Interview" 1987, EMI America (Album) Track 5
- ↑ Kurt Loder for Rolling Stone Magazine, april 23, 1987 p. 171
- ↑ Mary Campbell for the Associated Press, 6. august 1993
- ↑ All Music