Evanger kyrkje
| Evanger kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Voss | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Hardanger og Voss | ||
| Sokn | Evanger | ||
| Fellesråd | Voss | ||
| Stad | Evanger | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 1851[1] | ||
| Kyrkjegard | Rundt kyrkja | ||
| Sitjeplassar | 250 | ||
![]() Evanger kyrkje 60°38′50″N 6°06′52″E / 60.64722222°N 6.11444444°E | |||
| Wikimedia Commons: Evanger kirke | |||
Evanger kyrkje står på Evanger i Voss herad i Vestland, og er ei langkyrkje frå 1851.
Byggmeister for kyrkja, som er bygd i tre og har sitjeplassar til 250 personar, var Ole Syslak.
Kyrkja er soknekyrkje i Evanger sokn i Hardanger og Voss prosti.
Tidlegare kyrkjer på Evanger
[endre | endre wikiteksten]Det har vore kyrkje på Evanger sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Evanger-kyrkja nemnd i kjeldene er i Bergen kalvskinn frå kring midten av 1300-talet. Mellomalderkyrkja var mest truleg ei stavkyrkje.[1] Det er litt uklårt kor lenge mellomalderkyrkja stod, men ho vart truleg erstatta av ei tømmerkyrkje på 1600-talet.[1] 1600-talskyrkja stod til ho vart erstatta med den noverande kyrkja i 1851. Frå mellomalderkyrkja er teken vare på ei kyrkjeklokke, medan den andre av dei klokkene som er i kyrkja er frå 1673.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Norges Kirker: «Evanger kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning». Henta 16. april 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Evanger sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-03-22 ved Wayback Machine.
- Arne Høyland: «Evanger kyrkje» på nettstaden scandion.no
- Eldre fotografi av kyrkja på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Voss kommune på nettstaden disnorge.no
- Evanger kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Evanger kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
