Ådland kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ådland kyrkje
Samnanger kirke
Samnanger kyrkje.jpg
Foto: Per Magne Kjøde
Stad Ådland
Arkitekt Andreas Grønning
Teknikk Tømmer
Material Tre
Sitjeplassar 250
Wikimedia Commons: Samnanger kirke

Ådland kyrkje er ei langkyrkje frå 1851 i Samnanger kommune i Hordaland fylke i Noreg. Kyrkja ligg på Ådland (Årland), og vert også kalla «Ådlandskyrkja» eller «kyrkja på Ådland».[1] Ho er også kjend som «Samnanger kyrkje».

Byggverket er i tømmer og har 250 plassar. Bygget har basilikapreg der dei avkutta hjørna på sideskipa også gir bygget eit åttekanta grunnplan. Hjørna vart truleg avkutta for å sleppa å skøyta tømmerstokkane på lengda. Den førre kyrkja på staden vart oppført i 1652 og var også i tømmer.[2] Kyrkja vart formgitt av presten Andreas Grønning som ikkje var faglært arkitekt. Bygget har preg av nygotiske detaljar.[3]

Noverende bygg fekk sakristi som tilbygg til koret i 1909. Tømmeret kviler på ein låg mur av gråstein. Over gesimshøgde på sideskipa er konstruksjonen av reisverk. Midtskipsveggane vert støtta av seks pilarar. Taket på midtskipet er av sperrer med hanebjelkar; under dette er ein tønnekvelva himling av bord. Hovudinngangen er gjennom tårnfoten i vest. Kyrkjerommet vart ominnreidd av arkitekt Ole Landmark til 100-årsjubileet; det fekk då nye benkar medan benkedørene vart brukt om att. Dei seks måla vindaugsglasa er datert 1614 og blant dei eldste i Noreg. Ei altertavle, datert 1743, frå førre kyrkje heng i kyrkja. Ein rund døypefont i kleberstein, utforma av arkitekt Landmark, står i kyrkja. Det første orgelet vart montert i 1919, og det kom nytt orgel i 1983. Kyrkja har også ein trekross frå 1200-talet.[2]

Tidlegare kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Presten i Samnanger er nemnd i Bergens kalvskinn. Lidén trur det var ei stavkyrkje der i mellomalderen. I noverande kyrkje er det glasruter merkte med årstalet 1614, noko som kan tyda på at stavkyrkja då fekk vindauge. Kyrkja har eit antemensale (på museum i Bergen) og eit krusifiks frå mellomalderen. Kyrkja frå 1652 vart oppført av tømmer som bygdefolket skaffa, til andre utlegg ga prestane tilskot. Bygget var på det lengste 29 alen (ca. 18 m), der koret med 11 alen var litt smalare enn skipet, som var 13 alen breitt.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Digitalt fortalt «Kyrkja på Ådland», lese 14. august 2013.
  2. 2,0 2,1 2,2 Hans-Emil Lidén. «Samnanger kirke - Norges Kirker». www.norgeskirker.no. Henta 8. september 2016. 
  3. Eldal, J.C.: Historisme i tre. "Sveitserstil", romantikk, byggeskikks-renessanse og nasjonal egenart i europeisk og norsk trearkitektur på 1800-tallet. Avhandling for dr.philos., 1997.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]